To driftige damer med kvar sin butikk

bilde
Foto: Bømlo Næringsråd. Unni Alfsvåg frå Svanekjøkkenet (t.v.), og Astrid Farestveit Gane frå Gullsmio.

Torsdag førre veka hadde Svanekjøkenet og Gullsmio felles opnings- og nyopningsfest i sentrum. - Eg opna jo butikken januar i fjor, så opningsfesten kjem litt forseinka i god koronastil, fortel Unni. - Men det passa jo perfekt, for då kunne me feire i lag, skyt Astrid frå Gullsmio inn.

Dei to driftige damene driv kvar sin forretning i Svortland sentrum, og vart naboar då Gullsmio flytta inn i dei gamle lokala til Spirit Frisør like over nyttår. - Eg trong meir plass til verkstaden min, og ønska ei løysing der eg kunne arbeide uforstyrra i verkstaden, samstundes som eg kunne vere tilgjengeleg for dei tilsette i butikken ved behov. Lokale her passa perfekt, fortel Astrid.

Gullsmio starta ho i 2016. I dag er det 3 årsverk tilknytta drifta, dei pusser og reparerer smykker og klokker kundane kjem innom med, arbeider på oppdrag for butikkar andre stader i landet, utviklar eigne kolleksjonar og har samarbeid med fleire lokale aktørar som bidrar med alt frå unike kort til smykker.

Svanekjøkenet sel danske kvalitetskjøken, og er den tredje kjøkenforhandlaren i kommunen. - Nokon lurer på om det er marknad for så mange kjøkenleverandørar på Bømlo. Men slik me ser det, er det viktig å ha fleire alternativ lokalt. Alternativet er gjerne at ein reiser ut or kommunen, og finn seg kjøken der. I tillegg ser me at det kjem kundar frå nabokommunane hit og handlar. Det er kjekt!

- Skal ein lukkast med å drive forretning i dag, kan ein ikkje vere redd for konkurranse, og i tillegg må ein vere god på å samarbeide med andre. Gjennom samarbeid spelar me kvarandre gode, og oppnår meirsal seier Astrid.

- Ikkje berre det, seier Unni. - Me blir og kvarandre sine kollega. I vår bransje har me ofte ikkje så mange å spele på i eiga forretning, slik at godt samarbeid med aktørar rundt, gjer oss nokon å diskutere ulike idear og utfordringar med, og ei kjensle av tilhøyrsle og samhald. Eg er berre ein person på jobb, og har verdas kjekkaste kundar, men det er ikkje alt eg kan drøfte med dei. Så god kontakt med kollegaane mine hos Gullsmio er viktig. - Det er ikkje sikkert det hadde blitt noko kakefest i dag, hadde det ikkje vore for at me hadde kvarandre, skyt Astrid inn.

Bømlo Næringsråd takkar for kake og kaffi, og gler seg til å følgje reisa til butikkane vidare.

Sjå alle nyhende