To av tre nybygg snart ferdigstilt for Aasen Shipping

bilde
Foto: Aasvær er sjøsatt medan søsterskipet er snart klar for sjøsetting

Aasen Shipping ekspanderer.

Det er ei betydeleg utviding av skipsflåten til Aasen Shipping som foregår i Groeningen, Holland i desse dager. Sidan 2021 og fram til juni 2026 vil det lokale rederiet ha utvida flåten med til saman 5 nybygde skip.

Royal Bodewes i Nederland er no halvvegs i prosjektet med bygging av tre fartøy for Aasen Shipping, basert på same lest som skipene som vart levert i 2021 og 2022. Fartøytypen med benevninga 9300 DWAT Bodewes Hybrid Eco Trader, har vist til svært gunstige operasjonstal for bunkersforbruk og gangtid for hjelpemotorar. Av større forandringar kan nemnast ny type hovudmotor frå Wartsila W6L25, som er tilpassa det grøne skiftet alt etter val av brennstoff. Fartøya er òg oppgraderte med ei sterkare langskipsstyrke for meir effektiv utnytting.

Det første fartøyet med namn Aasvær er planlagt for prøvetur i starten av oktober, så følgjer dei to neste, med fire månaders mellomrom.

Dei nybygde fartøya skal gå for Aasen Chartering.

Me ynskjer dei lukke til med nye og miljøvenlege skip tilpassa framtidas krav.

Sjå alle nyhende