Teknologisenteret tar form!

bilde

Teknologisenteret i Rubbestadneset er under oppføring, og i følgje planen skal bygget vere tett til jul. Juni 2022 er bygget klar til innflytting, og då flytter både UNITECH og LOS inn.

Bømlo Vidaregåande

I tillegg held Bømlo vidaregåande skule på med sine planar for å flytte inn i bygget med sin lokasjon for yrkesfagleg opplæring, med oppstart hausten 2022.

For tida går det føre seg tett samarbeid mellom skule og næringslivet i høve gode løysingar for å sikre relevant og oppdatert utstyr inn i skulen. Eit av dei mest omfattande samarbeida ein legg opp til er rundt akvakulturlinja, der Bremnes Seashore har inngått avtale med skulen om mellom anna ein opplæringslokasjon i sjø. Dette samarbeidet forutset at søknad om opplæringskonsesjon til Fiskeridirektoratet går gjennom. I tillegg ser LOS Elektro på moglegheita for å få etablert opplæringsareal for smarthus, Wärtsilä ser på moglegheita å gjere framdriftslaben sin tilgjengeleg for skulen, og fleire lokale bedrifter har dialog med skulen i høve moglegheita for å få anna relevant utstyr inn i skulen, som òg næringslivet kan få tilgang til ved behov.

Sustainable Energy-katapulten

Både NMEC og UNITECH er inne på eigarsida i Sustainable Energy-katapulten, og ser føre seg at det kan bli gjort utstyrsinvesteringar til teknologisenteret saman med katapulten. På denne måten vil teknologisenteret bli del av Sustainable Energy-katapulten og nasjonale testsenteret for bærekraftige energiløysingar. Om det er bedrifter på Bømlo som ser moglegheita for å gjere utstyr tilgjengeleg for skulen eller for det nasjonale testsenteret Sustainbale Energy, er det berre til å ta kontakt med Bømlo næringsråd for å få informasjon om korleis ein går fram. Utstyr kan gjerast tilgjengeleg i eiga bedrift, eller i teknologisenteret, alt etter kva som er mest hensiktsmessig for involverte partar.

Sjå alle nyhende