Takk for samarbeidet, Anne-Grete!

bilde

På Stordkonferansen 8. juni i år vart dagleg leiar i Stord Næringsråd gjennom mange år takka av. På vegne av Næringsalliansen fekk me i Bømlo Næringsråd overbringe nokre ord frå dei 15 næringsråda som samarbeider gjennom alliansen.

- Oppsummert kan me seie at me synes du er inspirerande, kunnskapsrik, positiv, engasjert, inkluderande, strukturert, sprudlande, hjelpsom, imøtekommande, blid og lyttande, sa Nina Ingvaldsen på vegne av Næringsalliansen.

- I tilllegg er du dyktig, eit råskinn av ei dame, bra for samfunnet og næringsliv, ein fantastisk rollemodell, sprudlande med smittande humør, og ei som spreier rundt seg med energi. Me kjem til å sakne deg på samlingane våre, men reknar med at me treffes igjen!

Bømlo Næringsråd hadde ikkje tilsette før i 2021, og då var det godt å kunne ringe Anne-Grete Sandtorv i Stord Næringsråd og få tips og råd om jobben som skulle gjerast. - Anne-Grete har inkludert oss i Bømlo Næringsråd i viktige saker, invitert oss på samlingar og møter der me har kunna gje innspel, og ikkje minst komme med innspel og råd på korleis å drive næringsråd. Det har me sett stor pris på, seier Ingvaldsen.

Bømlo Næringsråd og Næringsalliansen ønskjer Anne-Grete alt godt for tida framover som pensjonist, og så ser me fram til vidare samarbeid med Stord Næringsråd og den nye leiaren, Torbjørn Brosvik!

Sjå alle nyhende