Stormhyttene på Lykling

bilde

«Ta orkesterplass når naturen spelar opp til dans» er tilbodet frå Gullvegen Stormhytter. Her kan ein få eit overnattingstilbod som ikkje liknar noko anna.

Imponert av alt me har sett på #stormyhyttene og @gullvegengaardstun på Instagram, tek me turen til Gullvegen Gardstun for å høyre om og sjå Stormhyttene på Lykling med eigne auger. På garden blir me møtt av Sindre Larsen, som tar varmt i mot oss og gladeleg fortel om hyttene, drifta og vegen framover.

Stormhyttene, som vert kalla «GoldenEye South» og «GoldenEye North», ligg som to auger i havgapet med 360 graders utsikt til naturen. Sindre viser oss «GoldenEye South» og fortel litt om hytta, området rundt og den historiske gullgravargrunnen me står på. Me vert imponerte over det me ser. Ei fantastisk utsikt til havet i ekta vestlandsvêr med vindkast på opp mot 30 m/s. Sjølve «hytta» er varmt innreda, og gjer oss kjensla av luksus midt i naturen.

Sindre fortel oss at det er godt belegg på hyttene, og dei får gode tilbakemeldingar på både hyttene og bevertninga. Dei starta opp i juli i fjor og hadde fullbooka heile sommaren. Oktober var og nesten på høgde med sommaren. I vinter har det vore litt nedgang spesielt i vekedagane, men helgene er omtrent fullbooka heilt fram til sommaren.

Han fortel oss at dei sel mykje gåvekort, og spesielt til jul var det veldig populært. Vidare er han litt spent på prisane framover, og om folk har moglegheit til å unne seg slike opplevingar no når økonomien blir trongare for folk flest. Likevel har dei ikkje merka noko nedgang i etterspørsel enda.

Ambisjonane er store på Gullvegen Gardstun, og Sindre fortel at dei ynskjer å gå i gong med utviding allereie i 2024 dersom alt går etter planen. Då ser dei på moglegheita for å utvide med andre tilbod – men likevel bevare konseptet deira med å være tett på naturen, havet og været.

Sindre fortel elles at dei har fått investeringsstøtte frå Innovasjon Norge og har eit godt samarbeid med andre næringslivsaktørar i regionen, der dei blant anna er inkubatorbedrift hjå Atheno AS og er medlem hos Visit Sunnhordland. I fjor tok i tillegg Bømlo Næringsråd initiativ til å diskutere etablering av eit bedriftsnettverk for eit utval reiselivsbedrifter på Bømlo, i samarbeid med Geopark Sunnhordland. – Målet er å finne ut om bedrifter på Bømlo og i Sunnhordland kan utvikle av tilbod saman, som kan løfte Geoparken, og korleis me som reiselivsbedrifter kan bli sterkare og meir synlege ved å byggje på Geoparken sin tematikk, fortel Larsen. – Me er ikkje i mål med noko søknad enno, men har starta på ein spennande prosess, som etter kvart kan gje resultat.

Sjå alle nyhende