Sommarsesongen allereie i gang hos Pizzabakeren

bilde

Tenk deg at du overtek ny bedrift den 1. januar. Full av optimisme går du i gang. 12. mars stengjer så heile landet ned, skular, barnehagar, bedrifter må stengje dørene på grunn av eit svært smittsamt virus. Kva gjer du då?

Det var dette som skjedde då Kamilla Løvåsen (30) kjøpte og overtok Pizzabakeren på HSD-senteret 1. januar 2020. Ho er eitt av dei 400 årsverka innan handel- og service på Bømlo, og som har kome seg relativt bra gjennom dei to åra med pandemi. Pizzabakeren har vore open heile tida, men ho har måtta permittera tilsette på grunn av sviktande omsetnad, som så mange andre i hennar bransje.

Konseptet Pizzabakeren var velkjent for Kamilla Løvåsen, ho hadde drive Pizzabakeren på Lura i Sandnes sidan 2011.

– Eg hadde ikkje noko tilknyting til Bømlo frå før, men då eg såg at det var ein til sals på Bømlo, reiste eg opp for å sjå. Det er sjeldan det er nokon til sals i kjeda, så eg nytta sjansen. Etter ein times tid på Bømlo, slo eg til, sjøl om eg aldri hadde vore her før. Det er jo ikkje så langt heimanfrå, og så er eg jo ofte heime, fortel ho. Det viste seg også at veldig mange der sør har tilknyting til Bømlo, anten dei er utflytta sjølv, har foreldre eller besteforeldre på Bømlo.

- Me var spente på korleis det ville gå etter nedstenginga, men me var optimistiske. Me trudde gjerne at det ville bli eit oppsving i take away og leveransar, men det skjedde ikkje. Tvert om, fortel Løvåsen.

Omsetnaden i verksemda stupte og dei var svært usikre på korleis det ville gå. Alle tilsette vart permitterte, bortsett frå to, og dei valde å ikkje stengje dørene heilt. Dei heldt det gåande. Og etter åtte-ti veker såg dei ei lita positiv endring. Bestillingane byrja ta seg litt opp, og nærma seg normalen. – Men me merka godt svingingar, til dømes når det vart meldt om nye smittetilfelle på Bømlo, eller når det kom nye restriksjonar frå styremaktene. Då gjekk omsetnaden ned att, fortel ho. – Det vart vel mykje jobb på deg som eigar i denne perioden? – Ja, det vart ein del jobb, men du gjer det du må i ein slik situasjon, meiner ho.

Med hjelp av mykje jobb overlevde verksemda pandemien, og no er det god veg oppover. Ho ser at samfunnet er i gang igjen, mellom anna på at bestillingane frå selskap og samlingar har byrja komma for fullt. Det vert ikkje berre bestilt ein og ein, men no er det fleire om gangen. – Folk samlast til bursdagsfestar, jobbsamlingar, konferansar og andre lag der dei skal ha pizza på menyen. Så merkar me at hyttefolket er byrja koma. Det er juni og juli som er dei store månadene hos oss, me er faktisk ei sommarbedrift, men i år er sesongen allereie starta. Det lovar godt for 2022, som vert det første såkalla normalåret vårt seier ho.

Som andre bedrifter har ho fått merka dei auka straumutgiftene. Pizzaomnane må gå og ho har også anna utstyr som treng straum for at verksemda skal vera i produksjon. – Straumutgiftene har dobla seg i løpet av kort tid, og det er klart det merkast. Men me står på og er optimistiske, seier ho.

Ei anna utfordring som gjerne ikkje alle tenkjer over, er at denne typen bedrift er eit stort gode for ungdommar som treng ekstrajobb. Men utfordringa er at i motsetnad til i byane blir ikkje ungdommen verande på Bømlo når dei er ferdige med vidaregåande, men reiser oftast ut for å utdanna seg vidare. – Det var eg ikkje van med frå Sandnes, der dei unge har høve til å ta både høgskule- og universitetsutdanning. Men her på Bømlo fører det til at ungdommane berre er her ei kort tid før dei fer vidare, seier sandnesbuen som har gjort bømling av seg. Ho har slått seg til ro på Bømlo og kjøpt seg leilighet på Moster, - eg budde første her i området. Men eg fann ut at det kunne vera greitt å bu eit stykke frå jobben, slår ho fast.

Sjå alle nyhende