Sommar på Sakseid Gartneri: Plantene tek ikkje ferie

bilde
Foto: Det blømer på Sakseid Gartneri, her finn ein det meste av det ein treng for å pynte opp heime, samt mykje anna ein ikkje truddeein hadde bruk for.

Sjølv om sommaren er ferietid for mange, er det ingen roleg sesong på Sakseid Gartneri. Når sola skin, regnet bøttar ned eller temperaturen svingar, må plantene få akkurat det dei treng, kvar einaste dag.

Ståle Sakseid er ein travel mann,plantene krev at ein har full merksamd kvar dag.

– Det er ferietid, så det er litt rolegare om morgonen, også i helgene.
Men plantene tek ikkje ferie, fortel Ståle Sakseid. Han og kona Astri Sakseid
har drive Sakseide Gartneri i over 30 år. 

Sommaren handlar først og fremst om å halde plantene friske gjennom vatning og gjødsling. Kor mykje næring dei treng, varierer frå dag til dag.

– På fine dagar veks plantene raskare og treng meir næring. Samtidig har denne våren hatt rundt 50 prosent meir nedbør enn normalt. Når det regnar så mykje, blir næringa skylt ut, og då må vi tilføre meir.

Vêret skaper stadig nye utfordringar. Gartneriet har ikkje sprinklaranlegg som står og vatnar heile tida.

– Det er mellom anna for å redusere faren for sopp. Samtidig er det ikkje naturleg for plantene å stå konstant i vatn. For mykje vatning kan faktisk gjere meir skade enn nytte, og vi sparer også på vatnet.

Vil ha fleire som vel norske planter

Sakseid Gartneri sel eit breitt utval av plantar, mellom anna roser, frukttre og ulike prydplanter. Mange av desse produsera dei sjølv, men nokre må importerast frå utlandet.

– Nokre plantar er ikkje mogleg å produsere i Noreg på grunn av klimaet
og må importerast, men vi ønskjer å bruke norske plantar der det let seg gjere.

Gartneriet er også engasjert i arbeidet for norsk planteproduksjon. Dei sit i styret i ein norsk gartnerorganisasjon og arbeider for å styrkje dei norske planteskulane.

– Skal norske planteskular kunne produsere, må vi også kjøpe plantene deira. Det er viktig å støtte den norske produksjonen.

Plantene styrer arbeidsdagen

Gjennom sommaren har gartneriet fem fast tilsette. To av dei arbeider hovudsakleg ute på anlegg, og i tillegg får dei hjelp frå fleire sommarvikarar.

Arbeidsoppgåvene er varierte. Drivhus, sal og stell av planter krev at alle kan hjelpe til der det trengst.

– Du må vere tilpassingsdyktig. Det er eit arbeid der plantene styrer arbeidsdagen. Vi må gjere det som er viktigast akkurat den dagen.Ståle fortel at kona Astri ein gong fekk spørsmål frå ein journalist om ein måtte ha «grøne fingrar» for å jobbe på gartneriet. Svaret hennar var klart:

– Nei, men du må kunne multitaske og vere villig til å ta i eit tak.

For på eit gartneri handlar det ikkje berre om kunnskap om plantar. Det
handlar også om å sjå kva som må gjerast, kunne skifte mellom ulike oppgåver og
stille opp der behovet er størst. Plantene bestemmer i stor grad tempoet, og ingen dagar er heilt like.

Forsking peikar på at arbeid med plantar og det å vere i grøne omgjevnader kan ha ein positiv effekt på den mentale helsa. Ståle meiner det er lett å forstå kvifor.

– Når du går rundt her, med alle fargane, luktene og alt det levande rundt deg, så er det noko som gjer godt. Plantene har sitt eige tempo, og du må roe ned, vere til stades og ta deg tid til å sjå kva dei treng, seier han.

Mange kundar innom
Sommaren betyr besøk frå både lokale kundar, hyttefolk og turistar. Mange
kjenner gartneriet godt frå før, men kvart år kjem det også nye innom.

Ståle trekkjer også fram betydninga av Gullvegen Gårdstun som ein viktig del av området. Aktivitetane der trekkjer til seg folk, og mange av dei tek også turen innom gartneriet.

– Vi set stor pris på det som skjer på Gullvegen Gårdstun. Dei skapar liv og aktivitet, og det er positivt for oss også. Når folk kjem hit, får dei oppleve fleire ting på same turen, seier Ståle.

Sommaren er ei tid med mange besøkande på Sakseid Gartneri. Med både faste kundar, hyttefolk og nye gjester innom, handlar sommaren ikkje berre om sal av plantar, men også om å skape gode opplevingar for dei som kjem innom. Bak plantene ligg det mange timar med arbeid, stell og omsorg. For sjølv om kundane kjem og går, treng plantene framleis kjærleik, vedlikehald og oppfølging kvar einaste dag.


Relaterte bedrifter