Smart Automation satsar på vekst, kompetanse og nye moglegheiter
Smart Automation går inn i 2026 med solid vekst og nye ambisjonar. Selskapet har nyleg tilsett to nye medarbeidarar og styrkjer med det kapasiteten i ein marknad som held høgt tempo og krev tett samarbeid mellom designarar, verft og eigarar. Med leveransar til over 4000 fartøy over heile verda ser leiinga eit stort potensial i oppfølging og nysal
Hovudtyngda av oppdraga er knytt til nybygg (rundt 75 prosent), men Smart Automation leverer også såkalla retrofit (oppgradering/ombygging) til fartøy som dei har levert til tidlegare, eller som ønskjer deira anlegg når dei skal fornya. Deira produkt blir levert ti alt frå tankskip og fraktefartøy til superyachter, fiskebåtar og fartøy i akvakulturnæringa. Oppdrag over heile verda viser breidda i kompetansen og kor attraktivt fagmiljøet er internasjonalt.
Foto; Zpirit. Programmerar og utviklar,Lasse Andre Stavland
Selskapet har dei siste åra opplevd ein markant vekst, med ei omsetning på 90 millionar i 2024 og 40 prosent auke i 2025. Det planleggast ytterlegare fire nye tilsette i løpet av 2026 for å møte den auka etterspurnaden. Leiinga peikar på at suksessen også betyr at rett kompetanse og god rekruttering er kritisk for vidare utvikling av selskapet.
Foto; Magne Raknes. Serviceingeniør Tor Magnus Haldaas på oppstart Kapp Linnè
Smart Automation er òg opptatt av å bidra til lokalsamfunnet. Dei ønskjer å utvikle konsept og møteplassar som kan lokke heim att studentar, skape gode arenaer for nettverksbygging og ivareta Bømlakulturen.
Med klare mål, solid kompetanse og eit sterkt engasjement for lokalt samarbeid, står Smart Automation godt rusta for framtida. Bømlo Næringsråd takkar for eit kjekt besøk, og gler seg til å følgje denne spanande utviklinga vidare.
Relaterte bedrifter