SMART Automation kjem på heim igjen!

bilde

SMART Automation er ein lokaleigd arbeidsplass som leverer integrerte automasjonssystem og hybride kraftløysingar til skipsverft og skipseigarar over heile verda. 

Dei har kontor i Hollundsdalen, og eit kontor i Trondheim. I denne bedrifta treng dei folk som har eit ønskje om å vera med å bety noko, som er spenstige og lysten på eit fartsfylt miljø med store moglegheitar for personlg utvikling og stort ansvar. 

SMART Automation treng folk innan blant anna elektro, automasjon, programmering og data – og dei treng folk med alt i frå yrkesskule bakgrunn til sivilingeniørar. 

Framtida til selskapet er lys, og dei har store vekstambisjonar dei neste åra. Dei ønskjer å kome i kontakt med nokon som vil jobbe frå Bømlo, og samtidig ha verdsmarknaden som arbeidsplass. 

I Trondheim har SMART Automation dei siste åra hatt ein student inne på kontoret som har jobba på kveldstid for bedrifta. Dersom du har interresse for områder som grøn skipsfart og elektrifisering bør du ta kontakt med SMART Automation på årets Heim igjen arrangement!

Sjå alle nyhende