Slår seg saman og blir Teca

bilde

Helle Elecon, TB Sunnhordland og KES slår seg saman og blir Teca. Samanslåinga gjer Teca til den største tekniske totalleverandøren i Sunnhordland med ca 200 tilsette, og eit leiande tverrfagleg miljø mellom Bergen og Stavanger.

- Teca er eit firma med over 130 års historie og kompetanse, fortel dagleg leiar Christer Notland stolt. - Arbeidet med omprofilering er starta og me jobbar for å få det meste på plass så snart som praktisk mogleg. Du vil allereie denne veka sjå Teca bilar rullar på vegen, og skilt og reklame på lokasjonane.

Byter lokasjon på Stord

Det nye selskapet skal fortsatt ha lokasjonar på Stord, Bømlo og i Kvinnherad som i dag.

På Stord skal aktiviteten samlast i Servicebygget til KES på Heiane. Gjengen på Kunnskapshuset er allereie flytta inn, og gjennom tilpassing av bygget vil også TB Sunnhordland kunne flytte inn innan eitt års tid. Aktiviteten i Kvinnherad vil òg etterkvart samlast på ein felles lokasjon.

Servicesenter på Bømlo

På Bømlo vil selskapet halde til i same bygg som før, men her har ein gjort om tradisjonell butikkverksemd til eit servicesenter, der ein mellom anna kan bestilla oppdrag og få hjelp til dei same tenestene på ein betre måte.

Søker fleire tilsette

Teca har no eit samla fag- og arbeidsmiljø med motiverte kollegaer som går inn i ei spanande framtid, og skal rekruttera fleire medarbeidarar den komande tida. Selskapet søkjer mellom anna prosjektleiarar, VVS-ingeniørar, elektrikarar/automatikarar, serviceteknikarar for ventilasjon og røyrleggjarar. Dei er òg i gang med tilsettingar av nye lærlingar.

- Saman som kollegaer skal me skape det gode Teca-laget i lag med kundar og samarbeidspartnarar, fortel Notland. - Frå no av er me eitt lag, og har som mål å gi deg eit endå betre tilbod!

Sjå alle nyhende