Skjeret landhandel

bilde

I Brandasund finn me den tradisjonsrike forretninga Skjeret Landhandel. Landhandelen vart starta av Anton Lorentz Waage i 1922, og han dreiv denne saman med kona Pernille, betre kjend som «Nillo på Skjeret». I dag er det barnebarnet Jostein Waage som driv landhandelen, med god hjelp frå kona. Næringsrådet tok ein prat med han, for å bli betre kjent med både han og forretninga i Brandasund.

– Skjeret Landhandel er ei lita familiebedrift som blir driven av ein god dose pågangsmot og stor ståpåvilje, fortel Jostein Waage over ein kopp kaffi. Butikken er open kvar dag, og opningstidene er variable. – Kona er der på dagtid medan eg er på jobb, og så tek eg over om ettermiddagen, fortel han. – Me har òg ein lapp på døra der det står at kundar kan ringe om dei treng hjelp til noko, slik at fiskarar og andre som kjem til uku­rante tider, kan ringje og få handle det dei treng. Like ved landhandelen driv nemleg broren eit fiskemottak, og for dei som kjem dit, er butikken ein viktig lever­andør av proviant når dei er innom med fisk.

Identiteten til bygda

For Brandasund er desse tradisjonelle landhandlane ein sentral del av identiteten til bygda. Kundane er lokale, men hos Skjeret Landhandel, er det mest turistar og ferierande som svingar innom. Flest kjem med båt om sommaren, men det er òg fleire som kjem langs landevegen andre tider på året. – Særleg mer­kar me ein auke i besøkjande frå Haugalandet, fortel Waage. – Det er òg mange som kjem frå dei etablerte hyttefelta i kommunen, og frå Kråko på Fitjar.

For det er reiselivet som er satsingsområdet til Jostein Waage. Han driv Skjeret Landhandel i tillegg til rorbu- og hytteutleige og opplevingsbedrifta Brandasund Kultur & Fritid. – Det er større og større etterspørsel etter opplevingar i og ved sjøen, og tilbodet me leverer gjennom Brandasund Kultur & Fritid viser seg å vere populært, fortel Waage. – Me har hatt ein god sesong i 2021, og mange har fått svinga seg i bølgjene og opplevd spektakulære badeturar.

100-åringen

Jostein tek deg nemleg med på RIB-turar til stader du ikkje visste om, bading i utsette kyststrok, guiding på Slåtterøy fyr, flotte padleturar og meire til. – Det er alt frå familiar til bedrifter som kjøper tenester frå oss, fortel Waage. Og alt spring ut av landhandelen. – Det er treffpunktet og møteplassen. Førre veka hadde me ein gjeng finansfolk som eg henta på Bekkjarvik. Vêret var for dårleg til å komme i land på Slåtterøy, og då tok me berre turen til landhandelen, og hadde eit guida opplegg der. Byfolk synes landhandelen er ein eksotisk stad, og her får dei oppleve noko dei ikkje har i bydn!

For å drive dette opplevingstilbodet til sjøs, må ein ha sertifikata i orden. Kystskipper- og VHF-sertifikat, samt kurs i tryggleik, beredskap og krisehandsaming. I tillegg har Waage investert i nye kaianlegg. Kva er det som driv ein lærer til å leggje ned alt dette arbeidet på fritida? – Det som driv meg er at eg er frykteleg sta. Eg har berre bestemt meg for at dette skal leve vidare, og då er det berre å brette opp armane og gje på. Det må jo vere råd å klamre seg fast på eit vis, slik me har gjort i snart 100 år.

Går mot trenden

For det er lærar Jostein Waage eigentleg er, og han arbeider fulltid for 7. klasse på Meling skule. Og slik har han halde på heile livet. Arbeidd fullt som lærar på ulike skular, men alltid på landhandelen på fritida. At mannen har meir energi ein dei fleste, herskar ingen tvil om, og det har elevane hans òg fått merka. – Ein gong tok eg med heile klassen og sykla frå Meling til Skinnhueneset. Der hadde me litt undervisning i det gamle skulemuseet, før kona kom over med båt med kajakkar, og så padla eg og klassa over til Utslottøy. Der bada og kosa me oss, før me sykla attende til Meling. Eg trur alle elevane sovna godt den kvelden, seier Waage og dreg på smilebandet.

For han trur at det er viktig å lære unge og ungdom opp til å bli folk som kan bruke hovudet og kroppen til noko meiningsfullt, gjerne ute i naturen og til sjøs. Ei motvekt i ei tid der mykje av aktiviteten går føre seg på nett. – Eg er dessutan litt usikker på sjølvbetjeningssamfunnet som har vekse seg fram, er det beste for oss. Her har me planar om å byte ut bensinpumpa vår med ei meir moderne, men eg har enno ikkje bestemt meg for om me skal ha kortautomat, fortel Waage. – Landhandelen er ein møteplass, der ein treffer folk og slår av ein prat. Om me set opp kortautomat på bensinpumpa, er eg redd me mister litt av møteplassen og dermed identiteten til staden, og grunnen til at folk kjem hit. Til sjuande og sist blir det eit verdival, seier Waage ettertenksamt.

Tankar om framtida

Om nokre år skal Josten Waage pensjonere seg frå skuleverket, og då tenkjer han å utvikle landhandelen og tilboda rundt ytterlegare. Allereie neste år, vurderer han å gå til anskaffing av våtdrakter og snorkleutstyr, og tilby fleire opplevingar i sjøen. –Men dette fordrar at eg er meir enn éin person. Så enten må eg tilsette nokon, eller få meg ein samarbeidspartnar som vil vere med å utvikle eit slikt tilbod, seier Waage. – Og det må vere nokon som brenn for dette, for arbeidstidene dukkar opp når du minst ventar det!

Bømlo Næringsråd takkar for praten, og ser fram til å følgje utviklinga rundt tradisjonsrike Skjeret Landhandel. Me er i alle fall mektig imponert over innsatsen som Waage-familien legg ned for å sikre eit levande og rikt tilbod til besøkjande i Brandasundet.

Sjå alle nyhende