Skiftar namn frå Siemens Energy til Omterra

bilde
Foto: På omvisning i produksjonen


Over 30 deltakarar frå ulike verksemder på Bømlo møtte opp på Ternetangen for å få vite meir om Siemens Energy. Bøml Næringsråd opna frukostmøtet med informasjon om aktivitetar og planar for hausten, og minna samstundes om påmeldinga til Bømlakonferansen 17. september.

Salgsdirektør Sigbjørn Mæland orienterer frukostgjestene om namnebytte, og framtids planar.

Site manager Edgar Vorland hos Siemens Energy tok oss gjennom eit safety moment før han ønskte velkommen til ein nydeleg frukost i kantina.

mange hadde tatt turen til Ternetangen for å bli bere kjent med Siemens Energy.

Det var salssjef Sigbjørn Mæland som presenterte selskapet og fortalde nyheita om namnebytet. Siemens Energy er skilt ut frå Siemens-konsernet, og i løpet av 2026 endrar selskapet namn til Omterra.

Siemens Energy har, i likskap med mange andre selskap på Bømlo, røter tilbake til Rubbestadneset, der M. Haldorsen og Søn starta motorfabrikk i 1903. Wichmann skifta offisielt namn til Wichmann Motorfabrikk i 1951, og i 1952 vart det som i dag er Siemens Energy, skilt ut som eige selskap under namnet Matre. Etter fleire namnebyte vart selskapet kjøpt opp av Siemens-konsernet, og i 2020 endra namnet seg til Siemens Energy. No står selskapet føre eit nytt namnebyte denne hausten, til Omterra.

Nydeleg frukost vart servert til møtedeltakerane, ordførar Morten Helland fekk forsyne seg først.

No posisjonerer dei seg for å møte framtida

Selskapet sysselset i dag 120 personar på Bømlo, og verksemda på Ternetangen har utvikla verdsleiande teknologi for den globale petroleumsindustrien. Dei leverer undervassensorar og anna utstyr av høg kvalitet, med ei levetid på opptil 30 år. Økonomisk har selskapet hatt gode år, og dei planlegg no ei større utviding av lokaliteten på Ternetangen. Verksemda har behov for fleire tilsette og meir plass, og skal derfor ta i bruk den noverande parkeringsplassen til eit nytt bygg på om lag 2000 kvadratmeter.

Siemens Energy fortel at dei handlar lokalt, og trekkjer fram det tette samarbeidet med lokale leverandørar som Pedersen Maskinering på Langevåg og Auto Service på Innvær.

Rekrutering

Siemens Energy er oppteken av rekruttering og har lærlingar innan automasjon, logistikk og industrimekanikarfaget. Dei har utdanna 40 fagarbeidarar gjennom dei siste 30 åra. To lærlingar er undervegs i løpet, og tre nye lærlingar starta opp denne veka. Selskapet har i tillegg ulike leiartreningsprogram i Siemens Energy-systemet, og har eksportert dyktige medarbeidarar ut i organisasjonen, samstundes som dei har importert
teknologikompetanse utanfrå.

Frukostmøtet vart avslutta med ei omvising der me fekk sjå produksjonslokala, treffe tilsette og få eit nærare innblikk i produkta som blir grundig testa før dei vert sende ut i heile verda. Me takkar for god mottaking, nydeleg frukost og eit svært interessant frukostmøte.

Her klargjeres utstyret før utsending til kunden.


Relaterte bedrifter