Møt Siemens Energy på heim igjen!

bilde

Siemens Energy er globalt leiande innan energiteknologi. Har du pågangsmot og ambisjonar kan Siemens Energy vera ein plass der du kan vera med å utgjera ein forskjell! Møt dei på heim igjen 2025.

Siemens Energy er globalt leiande innan energiteknologi. Vi har tilstadever i over 90 land og tel 96 000 tilsette. Visjonen vår er å støtte selskap og land verda rundt med å redusere utslepp og gjere energi påliteleg, lønsam og meir berekraftig. For å nå måla våre er teknologi viktig – og det er dei tilsette som gjer det mogleg.

Ønskjer du å bli betre kjent med Siemens Energy, kan du følgje denne lenkja:

Siemens Energy – Sensors på Bømlo er verdsleiande innan trykk- og temperaturmålingar for subsea. Fabrikken på Ternetangen har vore med på å utvikle og levere sensorar til subsea-marknaden sidan 1988, og har i dag levert over 35 000 sensorar over heile verda. Vi har over 100 tilsette som jobbar med heile verdikjeda, og både produksjonen, administrasjonen og den tekniske avdelinga opererer frå Bømlo. På ingeniørsida er det særleg fagområde innan elektronikk, programvare og mekanikk/mekatronikk som er relevante. Vidare har vi tilsette med ulik bakgrunn og høgare utdanning innan finans og administrasjon. Arbeidet er variert – vi utviklar, kvalifiserer, produserer og leverer produkta våre frå Bømlo.

Ønskjer du å bli betre kjent med Siemens Energy Sensors og produkta som blir produserte på Bømlo, kan du følgje desse lenkjene:

Ledige stillingar blir publiserte på Search Jobs | Siemens Energy (siemens-energy.com). Per i dag ligg det ikkje ute nokon stilling, men følg med – det dukkar stadig opp nye.

Sjå alle nyhende