Siemens Energy – Ei industrikraft på Bømlo med blikket retta mot framtida

bilde
Foto: Nye sjefen for Siemens Energy Edgar Vorland viser stolt fram lokalene på Ternetangen.

Siemens Energy på Bømlo er ein sentral aktør innan subseateknologi og sensorsystem globalt . Med 120 medarbeidarar på Ternetangen med kjernekompetanse, held selskapet fram med å bygge både arbeidsplassar og teknologi for framtida. Bømlo Næringsråd har tatt turen for å helse på nye sjefen Bømlingen Edgar Vorland som har arbeida i bedrifta i 30 år.

Det er full fart i produksjonslokala til Siemens Energy, dei jobbar to skift.

Globalt konsern med lokal forankring

Selskapet har om lag 100 000 tilsette verda over,  og på Bømlo kan ein vise til 70 år med mekanisk og elektrisk designkompetanse. Her på Bømlo  er det no rundt 25 ingeniørar i arbeid, fortel Edgar Vorland . Det er eit aukande behov for ingeniørkompetanse. Siemens Energy har også aktivitetar i Romania, der tre medarbeidarar jobbar – to ingeniørar og ein prosjektplanleggar – og selskapet vurderer å bruke ingeniørkompetanse i India. 

Verdsleiande på undervassensorar

Gjennom sju tiår har selskapet levert over 30 000 undervassensorar globalt, og sit i dag på meir enn halvparten av verdsmarknaden. Mange av sensorane og systema deira har stått på havbotnen i meir enn 30 år – eit bevis på robustheit og høg kvalitet.
Hovudmarknaden er subsea og sensorsystem, men selskapet jobbar òg med teknologi innan desalinering (lage ferskvatn av sjøvatn).

Satser på lærlingar og unge fagfolk

For å sikre framtidig kompetanse tek Siemens Energy inn 4–5 lærlingar årleg innan fag som automasjon,industrimekanikk og logistikk. Rekruttering og synlegheit står høgt på
agendaen, og behovet for fleire som ønskjer å ta del i utviklinga avframtidsteknologi er stort.

Ein sterk aktør i lokalsamfunnet

Dagleg leiar Edgar Vorland fortel at Siemens Energy  på Bømlo ikkje berre er globale,
dei ønskjer også å vera  ein aktiv og engasjert bidragsytar til lokalsamfunnet, slik at fleire får augene opp for selskapet.Me ynskjer Edgar og Siemens Energy lukketil videre, og nyttar anledninga til å takke for at dei er ein av gullsponsorane til Bømlo Næringsråd.

Selskapet er lokjalisert på Ternetangen, med praktfull utsikt utover Sunnhordlandbassenget.


Sjå alle nyhende