Sesongen starta tidleg i år hos Sakseide Gartneri

bilde
Foto: Ståle og sonen jobbar saman i gartneriet

Ein svært mild vinter og ein tidleg vår har gjort at sesongen til Sakseide Gartneri har starta rekordtidleg i år, fortel eigar Ståle Sakseide. Underteikna treff ein sprudlande og energisk gartnar som fortel om eit heilt spesiselt vårlys som har gjort at det nå står fire stappfulle drivhus som bugnar av blomster klare for sal. Ståle er svært nøgd med den nye varmepumpe-løysinga levert av LOS-elektro, som har gjort at han no har slutta med oljefyring. Det er med andre ord eit grønare gartneri, og entusiastisk fortel han om kor godt det fungerar og at han berre ringer Lars på LOS så fiksar dei og justerer via telefon. «Dette er straumsparande og mykje mindre tidkrevjande», fortel den travle gartnaren og småbrukaren på Sakseide. 

Ståle fortel engasjert om livsverket sitt med eit eigeprodusert saueskinn på fanget av topp kvalitet

35 år med gartneri 

Det er i år 35 år sidan han og kona Astrid starta opp i det små med gartneri. Bedrifta har hatt jamn og god vekst og har i dag sju årsverk. Dei er ein av få produsentar igjen; det er berre Spanne Plantesalg i Haugesund, eit gartneri i Rosendal og eit på Os som produserer sjølv. Sakseide Gartneri leverer til kommunar, bedrifter, burettslag, større anlegg og til private. Anleggsgartneri-verksemda utgjer ca. 25% av omsetninga. 

Open dag 1. mai 

Førstkomande torsdag 1. mai har han open dag frå kl. 09.00-19.00. Då kjem Bakstehuset Spissøy og Snill Bie med sine produkt, og Hagelaget. 1. mai er den store hagedagen, og han ventar innrykk frå fjern og nær. Svogeren stiller som parkeringsvakt. 

Husdyrhald og historie 

I tillegg til å drive gartneri, driv Ståle med husdyrhald (sau). Han har 25 sauer og er opptatt av å halde den flotte gamle garden Sakseide, som er ein av Bømlo’s eldste gardar, først nemnt i skriftlege kjelder i år 1519. Slekta til Ståle har eigd garden sidan 1600-talet. Det er også spor etter steinalderbustadar på garden, og det er funnen mykje grønnstein frå Hespriholmen nede i Sakseidvågen, fortel Ståle. Garden er utruleg vakker med nydeleg eikeskog, og han ligg der Bømlo er på sitt smalaste, kun 200 meter brei. 

Kjøttprodukt og samarbeid 

Ståle sel også ulike typar kjøttpølser og kjøttdeig, som er laga av kjøtet frå garden og produsert hos Lundal i Åkrafjorden. Han fortel at han har utvikla oppskriftene sjølv.  

Han fortel om eit godt samarbeid med Sigve Særsten Robberstad som produserer Snill Bie Honning og diverse kjøtt. Nå planlegg dei å utvikle nye kjøttprodukt saman. Salet er aukande, og folk er opptatt av kortreist og lokalprodusert mat, seier Ståle. 

Saueskinn og matjesild 

Han fortel at på sauen er det kun beina ein ikkje nyttar, og viser meg dei nydelegaste saueskinna som er til salgs i butikken hans, saman med kjøttpølser, kjøttdeig og matjesild. 

Ny vegtrase 

Korleis vil den nye vegtraseen påverke gartneriet ditt, spør me? Etter ein del att og fram har ein nå kommet fram til ei løysing som me kan leve med, fortel Ståle, som skryt over prosjektleiar John Nesse i Bømlopakken. Han er løysningsorientert, og me føler me vert lytta til, fortel Ståle. Det er all grunn til å sjå lyst på framtida for gartneriet, som har kundar som kjem frå Fitjar, Stord, Sveio og sjølvsagt Bømlo. 

Framifrå service 

Sakseide er eit familie eigd gartneri som yter ein framifrå service og som har kunnskap om det meste innanfor hage. Her vert ein tatt godt i mot av kunskapsrike ansatte som gir deg gode råd om kva planter som tåler klimaet her i ute i havgapet. 

Sjå alle nyhende