Satsa friskt like før pandemien kom

bilde

På slutten av 2019, altså ca tre månader før heile landet vart pandemistengt, fekk Lilly Grønås dei første sertifiserte oppskriftene for å laga såper i hende. I dag produserer ho for fullt til kundar over heile landet.

Du kjenner den gode lukta når du kjem gåande i gangen i andre høgda på Sams’en. Og går du etter lukta finn du Såpehuset AS, ein butikk full av gode lukter, såper, badesalt, handkle og det meste anna du har bruk for på badet. Også til kjøkkenet finn du gode varer hos Lilly Grønås. Det er ho som står bak Såpehuset AS, som opna dørene på Sams’en i mai/juni i år.

Då hadde ho vakse seg ut or leiligheta på Røyksund, der ho først produserte og leverte såper frå. Ho fekk som nemnt dei første sertifiserte oppskriftene på tampen av 2019. – Det har seg slik at alle ingrediensar som skal brukast i kremar, salvar, såper, shampoar, ja alt som skal smørjast eller brukast på hud og hår, må vera sertifiserte/godkjende i Europa. - Korleis starta såpeeventyret? undrast me. – Eg hadde lyst å prøve å skape noko sjølv, etter periodar med personlege utfordringar. Det tok tid å jobbe seg opp frå sosial angst, mellom anna, og det viste seg å vera god eigenterapi. Eg fekk god respons på såpene mine, og snart var eg i gang, fortel ho. Ho starta i det små, med å prøve ut produkta sine på nære og kjære, og via nettet der ho starta opp i 2018, og brått stod ho med ei bestilling frå Belgia. – Korleis dei hadde funne fram til meg via dialektinnlegget mitt på Facebook er ei gåte, men det var det som skjedde. Og derifrå balla det på seg. Ho brukte sosiale medier (Facebook og instagram) aktivt i tillegg til nettbutikken.

Så kom det ei større bestilling frå Bodø. Eit kjøpesenter skulle opnast, og dei var interesserte i såpene mine. I dag har ho kundar i fleire storbyar, mellom anna vaskar mange bergensarar seg med bømlasåpe etter å ha vore og handla på Gløtt på Bryggen. I dag sender ho varer mellom anna til Harstad, Bodø, Bergen, Stavanger og til nokre mindre nettbutikkar.

Men, det vart etter kvart trongt om saligheta i den ca 45 kvadratmeter store leiligheta på Røyksund. Ho trong plass til produksjonsutstyr og ingrediensar, til tørking og emballasje, pakking og til å lagre, og etter ei stund måtte stova takast i bruk i tillegg til lageret. Lilly Grønås kontakta Sams’en og tilfellet ville at der dukka det opp eit tomt lokale akkurat når ho hadde bruk for det. Dermed flytta ho heile bedrifta si inn i dei tidlegare lokala til Gullsmio. Sjølv flytta ho til Gåsland om lag samstundes.

I dei nye butikklokala har ho produksjonslokale og lager der det tidlegare vart laga dei flottast gullsmykke, og så har ho innreia butikken sin med lekre såper, badesalt, handkle og klutar. Ho har også ei lita avdeling der lokale hobbykunstnarar får stilla ut produkta sine og selja. Mellom anna har ho silkemåleri, som er laga av gamle brudekjolar av silke, ho har honning laga av ivrige bier på Moster, og ho har makramé-kunst og anna. – Alle dei ordinære varene mine er norskproduserte, det er eit vilkår, seier ho.

Grønås fortel at ho har mykje å gjera. Ho har ei veninne som hjelper til, førebels på dugnad, men ho håpar etter kvart at ho kan få høve til å tilsetja. – Eg hadde nok ikkje greidd meg utan hennar hjelp, slår ho fast.

Ho seier sjølv at ho framleis er i oppstartfasen. – Du veit, det vart ei stor forandring då eg flytta inn her for nokre få månader sidan. Etterspurnaden auka noko voldsomt, og det vart ein heilt ny kvardag. Det er veldig kjekt at så mange bømlingar handlar her, anten dei bestiller på nett og hentar her hos meg eller dei stikk innom butikken.

Det tek om lag fem-seks veker å produsera såpene. – Dei treng ein ganske lang tørkeperiode, og difor er det så bra at eg har god plass bak butikken her, seier ho. – Har kundane nokon favorittar? – Ja, det går mykje i lavendel, sommardraum, unicorn og rose. Av skrubbsåpene er det de med malte kaffibønner som har slått an, men også andre variantar sel godt. Og så har eg selt over 100 kilo badesalt på eit halvt år, så bømlingane likar å nyte eit godt og duftande bad, verkar det som, seier ho og smiler. Den driftige dama har innført ei panteordning slik at dei som leverer tilbake badesaltflaskene får eit lite avslag i prisen om dei kjøper nytt. Eit aldri så lite pluss for kunden, seier ho. Lilly Grønås kjem ikkje til å invitera til Black Friday-sal. – Eg er sterkt i mot heile Black Friday. Eg skal i staden ha ein liten konkurranse der folk som handlar blir med i ei trekning om ein gåvepakke, eg har meir sansen for slikt, seier ho før ho heiser gitteret og ynskjer dagens første kundar velkommen til ein hyggeleg såpehandel.

Sjå alle nyhende