Saman for Vestlandet!

bilde
Foto: Regionsmøte for Haugalandsrådet og Sunnhordlandsrådet

Haugalandsrådet og Sunnhordlandsrådet, møttes til felles regionsråd på Gassco AS, Karmøy fredag 19 september. Til møtet var og stortingspolitikarar fra Hordaland og Rogaland samt Haugaland næringsforening og Bømlo næringsråd.

Møtedeltakarane fekk ei nyttig og grundig innføring i drifta til Gassco As av leiar for eksterne relasjonar Pål Rasmussen og direktør for systemdrift,Alfred Skår.

Gassco AS er operatør og har ansvaret for å transportera all gass fra den norske kontinentalsokkelen til Europa,(8600 km med røyr).

Direktør for regionale planer sør og vest i Statnett SF, Harris Utne ga møtedeltakarane ei statusoppdatering på nettutviklinga i Sør-Norge, og moglege flaskehalsar.

Det planlegges store investeringar i vår region i transmisjonsnettet, dette er noko som er svært viktig for framtidig industriutbygging i vår region, samt sikra nok kapasitet til grøn omstilling.

Fagsjef Kjetil Gillesvik i tenketanken Intiativ vest ga møtedeltakerane noko å tenkje på, me vart utfordra til å heva blikket, naboen er ikkje vår verste rival. Gillesvik hadde eit viktig og klart bodskap til ei lydhøyr forsamling.

Skal vestlandet klara å hevda seg mot eit stadig meir sentralisert norge, må me bygga ei sterkare og meir samla politisk kraft- på tvers av regionane. Vestlandet har til no gått glipp av betydlege veg midlar til fordel for austlandet fordi me ikkje klarar å samla oss om felles vegprosjekt.

Sju stortingspolitikarar fra fire parti deltok på møtet, det er viktig å etablera kontakt og dialog med nye representantar som nå skal representera regionen vår på stortinget.

Stig Atle Abrahamsen(Frp), Margret Hagerup (H), Jonas Andesen Sayed, (Krf), Solveig Vik (Ap), Ruth Mariann Hop (Ap),Helge Andre Njåstad, (FrP), og Stian Davis, (Ap, ikke med på bildet) var med på fredagens møte.

Sjå alle nyhende