Rune Bjerga kjem - kjem du? Meld deg på konferansen 10. november!

bilde
Foto: Pressefoto

Rune Bjerga er ein av Vestlandet sine mest populære og etterspurte komikarar. Han set opp eigne show og gjer jobbar for næringslivet året rundt. På konferansen vil Bjerga på humoristisk vis lære oss meir om det å få og gje kritikk.

For kva er konsekvensane om me gløymer å grunngje kritikken, eller om ein kjem med lite gjennomtenkte kommentarar til ein kollega, eller om ein toppar det med kritikk til leiinga under julebordet? Bjerga kjem på konferansen med ei rekkje dømer som vil få oss til å le, men som samstundes har eit snev av alvor i seg.

Me i næringsrådet dette er ei fin og passande avslutning før me skal på middag saman, og ikkje minst ei god førebuing til årets julebordsesong. Etter to år med avlyste julebord er kanskje dette foredraget viktigare enn nokon gong...

Sjå alle nyhende