Rekordlav arbeidsløysa i Bømlo
Pressemelding Nav region Sunnhordland
Nedgong i arbeidsløysa
I februar månad blei det registrert 337 heilt arbeidsledige personar i Sunnhordland. Dette tilsvarar 1,1 prosentpoeng av arbeidsstyrken. Arbeidsledigheita i regionen går med det ned med 0,1 prosentpoeng frå januar månad, og ligg fortsatt på eit svært lågt nivå. På landsbasis er ledigheita på 2,2 prosentpoeng og i Vestland held den seg stabilt på 1,8 prosentpoeng samanlikna med førre månad.
For kommunane i Sunnhordland syner tala at Stord kommune er den einast kommunen der arbeidsløysa går opp samanlikna med januar månad. For Stord er talet no 0,9 prosentpoeng, noko som er opp 0,2 prosentpoeng. Tysnes kommune er den kommunen med størst nedgong og går frå 1,6 prosentpoeng i januar til 1,1 prosentpoeng i februar. For Sveio viser talet 0,9 prosentpoeng for februar og Sveio har dermed lågast arbeidsløye i regionen saman med Stord. For Bømlo og Kvinnherad ligg begge med 1,2 prosentpoeng, noko som er ned frå hhv. 1,4 prosentpoeng og 1,3 prosentpoeng. Fitjar har 1,3 prosentpoeng, noko som er ned frå 1,4 prosentpoeng.
I februar vart det registrert 470 ledige stillingar i Sunnhordland, eit tal som er mykje høgare enn talet på ledige. Størst er fortsatt behovet innan helse, pleie og omsorg med 127, deretter følger butikk og salgsarbeid med 59 og reiseliv og transport med 53.
-At arbeidsløysa går noko ned igjen frå januar til februar er som venta ut frå dei normale sesongvariasjonane. Me ser samstundes at tilgongen på stillingar fortsatt held seg på eit høgt nivå og at det er fleire ledige stillingar enn det det er arbeidsledige, noko som indikerer at det fortsatt er utfordringar for bedriftene å få ta i nok arbeidskraft i regionen, seier Håvard Lægreid, regionleiar i Nav Sunnhordland.
Nedgong i sjukefråværet
Nyleg kom årsstatistikken for sjukefråvær for 2025. Tala viser at på landsbasis har det vært ein nedgong i legemeldt sjukefråvær, frå 5,8 til 5,5 prosentpoeng. For Vestland som fylket viser talet og ein nedgong, frå 5,8 til 5,6 prosentpoeng.
Snittet for kommunane i Sunnhordland syner og ein nedgong i legemeldt sjukefråvær. Talet for 2025 er likt som landet, med 5,5 prosentpoeng. Dette tilsvarer ein nedgong frå 5,9 prosentpoeng for 2024, eller ein reduksjon på 7,3 prosentpoeng for regionen.
-Det er positivt at det legemeldte sjukefråværet går ned også i Sunnhordland. Me ser det i samanheng med arbeidet som blir gjort av partane i arbeidslivet, og at dei ulike partane tek sitt ansvar med å informere og tilrettelegge for godt nærværsarbeid. For Sunnhordland sin del veit me at det blir jobba mykje med nærvær gjennom samarbeidet med har med næringslivet, og me oppmodar til å fortsette det gode arbeidet, seier Lægreid.
Reduksjonen er størst for kommunene Tysnes og Sveio med reduksjon på hhv. 20,8 prosentpoeng og 11 prosentpoeng. Fitjar har og ein reduksjon på 7,2 prosentpoeng. For dei øvrige kommunane viser tala ein liten auke og fordeler seg med Kvinnherad på 1,4, Bømlo 2,7, og Stord 3,7.
-Sjølv om me ser ein auke blant nokre av kommunane i Sunnhordland går snittet for regionen ned. Det vil alltid vera forskjellar frå kommune til kommune, og me ser på tala som ein positiv trend for regionen. Framover håpar me at talet vil gå ytterliggare ned blant anna som følgje av den nye oppfølgingsplanen som er komen, fortsett Lægreid.
Sunnhordland var pilot region med Stord kommune som første kommune ut i landet til å teste ut og vera med på videre utvikling av den nye oppfølgingsplanen. Planen gjer det lettare for alle partar å ta del i sjukefråværsarbeidet og å sette det i system.
Nav Vestland
Nav region Sunnhordland
Nav Stord
Relaterte bedrifter