Produserar luksusprodukt på Bømlo

bilde
Foto: Karina Børnes, Sindre Halvorsen og Jan Ove Morlandstø

Tubilah leverer hovudretten til årets Bømlakonferanse 18. september!

Sindre, Jan Ove og Karina frå Tubilah er klare for å delta på årets Bømlakonferanse i kulturhuset. Dei er stolte av å kunne gje Bømlingane ein smak av lokalprodusert kveite på årets konferanse.

- Me gler oss til konferansen kvart år. Dette er ein viktig arena for å treffe andre bedrifter på Bømlo, knyta kontaktar og for å bli betre kjent med det lokale næringslivet i kommunen vår, fortel dagleg leiar Sindre Halvorsen. Dei har delteke på konferansen dei siste åra.

- Det har vore kjekt med eigen Bømlakonferanse der ein får gode føredragshaldarar, og ikkje minst bli betre kjent med lokale bedrifter via bedriftspresentasjonane frå scena fortel Jan Ove Morlandstø, leiar for sal og utvikling.

Karina Børnes, HMS- og HR-leiar i selskapet, fortel at Bømlo har eit svært unikt og flott næringsliv som gjer ho til ein stolt Bømling. Ho har og vore med i arrangementskomiteen og er nøgd med årets program.

Tubilah har 27 tilsette fordelt på tre lokalitetar: to landanlegg i Sogn, og eitt sjøanlegg utanfor Foldrøyhamn på Bømlo. Selskapet har tre lærlingar, og planen er å auke talet på lærlingar etterkvart. - Me er svært stolte av folka i selskapet vårt. Det er deira engasjement, kompetanse og samarbeid som driv
oss framover kvar einaste dag, fortel Karina.

- Me er særs nøgde med den nye akvakulturlinja på Bømlo vgs. Dette vert ein viktig rekrutteringsarena for oss framover, fortel Sindre. Me har dei siste åra hatt praksiselevar ute på anlegget og nyttar høve til å skryte over samarbeidet med Bømlo vgs.

Bømlo Næringsråd ser fram til å følgje Tubilah vidare! Ønskjer du å smake på luksuskveita må du melde deg på Bømlakonferansen og delta på middagen der, meir informasjon her.

Sjå alle nyhende