Populær rammeverkstad på Moster

bilde

På eit garasjeloft i Totlandsvegen 50, finn du rammeverkstaden til Asbjørn Egeland. - Eg har jobba profesjonelt med innramming av bileter sidan tidleg på 90-talet, og synes det er veldig kjekt å få drive vidare med dette etter me flytta til Bømlo!

Asbjørn Egeland har altså jobba innan rammeverkstad- og galleribransjen i over 30 år. - På rammeverkstaden min set eg kunden i fokus, og finn gode løysingar for bileter og måleri som kunden har med seg. Eg har i tillegg mange samarbeidspartnarar som gjer at eg kan tilby komplette pakkar, og i tillegg tilbyr eg no print på aluminiumsplater, som ein kan ha både inne og ute. Her kan ein trykkje på alt frå bileter til sjøkart.  

Det er fleire biletkunstnarar som nyttar seg av tenestene til Asbjørn jamleg, og stadig kjem nye kundar innom. På rammeverkstaden finn du eit stort utval i rammeprofilar og passeartout-ar. På facebook- og heimesida ser ein kva som er tilgjengeleg. 

Har du behov for innramming, er det berre å ta kontakt med Asbjørns Rammeverksted og avtal ei tid som passar for deg.

Sjå alle nyhende