Næringsrådet på panelsamtale om ny kulturplan

bilde
Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg, Bømlo-Nytt

Tysdag 26. september deltok Bømlo Næringsråd i ein panelsamtale på Bømlo Folkebibliotek for å gje innspel til ny kulturplan i Bømlo kommune. - Å tiltrekkje seg kreative arbeidsplassar og kulturarbeidsplassar til kommunen vår, er noko som vert peika på som viktig for å tiltrekke oss fleire hit, fortalte dagleg leiar Nina Ingvaldsen.

Jane Jünger leiar panelsamtalen, og i paneleg deltok kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund, kantor og tilflyttar Øystein Lund Olafsen, kostymemakar, skreddar og tilflyttar Eva Hodnefjell påtroppande ordførar Morten Helland og leiar Nina Ingvaldsen frå næringsrådet.

På samlinga kom det innspel både frå panelet og salen til kommunen sitt arbeid. Det vart peika på at det må leggjast til rette for å samle aktørar på ein stad, gjerne under same tak, for å styrkje det kreative miljøet ein har i dag, og legge betre til rette for at fleire kan livnære seg innan kreative næringar. I tillegg måtte ein sjå desse arbeidsplassane opp mot reiselivsnæringa, der fleire av aktørane er sterkt knytt opp til kulturhistoria til Bømlo, og driv formidling av denne. Næringsrådet peika på at ein burde sjå til andre næringar som lagar klynger innan sine næringsområde, for leggje til rette for samarbeid og synlegheit. - Dette er kanskje noko ein kan gjere innan kulturnæringa og kreative yrker óg.

Det vart elles peika på at kunnskapsgrunnlaget som utarbeida i samband med tilflyttarstrategien, fortel at det er viktig å leggje til rette for andre arbeidsplassar enn det me har i kommunen i dag. - Me må klare å utvikle fleire urbane kvalitetar på bygda dersom me skal tiltrekkje oss dei som eigentleg vil bu i byen. Då er arbeidsplassar innan kreativ næring og kulturarbeidsplassar noko LÉVA Urban Design løftar fram som dømer på arbeidsplassar me burde hatt fleire av, sa Ingvaldsen.

Bømlo Næringsråd takkar for at me vart invitert til denne panelsamtalen. Det var både interessant og lærerikt, og me ser at framover bør me arbeide enno meir for å legge til rette for medlemsbedriftene våre som driv innan kultur og kreative næringar, i samarbeid med kommunen. Slik kan me kanskje få fleire med slike yrker til å etablere seg i vår kommune.

Sjå alle nyhende