Debatt: Bømlo Kommune mot det grøne skiftet

bilde

Bømlo Arbeiderparti hadde i går eit ope medlemsmøte med tema "Bømlo kommune mot det grøne skiftet, kraftutfordringar og moglegheiter". Dagleg leiar i næringsrådet deltok som paneldeltakar saman med kraftlaget og lokale politikarar.

Tor Bjarne Smedsrud, administrerande direktør i Finnås Kraftlag og Bømlo Kraftnett, innleia møtet med å fortelje om kraftsituasjonen på Bømlo og i regionen, kva kraftlaget har gjort til no, og kva som kan vera moglegheitane framover. Han gav og nokre råd til lokalpolitikarane på kva ein kan gjere for å påverke situasjonen framover.

Etter innleiinga vart paneldeltakarane invitert opp for å reflektere litt rundt tema, før det vart opna opp for spørsmål frå salen. Panelet bestod av Unni Seim (SV), Thomas Kråkevik-Liaøy (AP), Ordførar Morten Helland (KrF), Frode Aasheim (INP), Nina Ingvaldsen (Bømlo Næringsråd) og Tor Bjarne Smedsrud (Finnås Kraftlag og Bømlo Kraftnett).

Framleis krevjande med kraftbehov over 1 MW

Hovudbodskapen til næringsrådet var å få fram at det fram mot 2028 ikkje er særleg kraft til utviding eller etablering av næring som krev meir enn 1 MW straum. Alle andre stader i Noreg, vil ein no få 5 MW kraft utan å måtte søkje, medan på Bømlo og i Sunnhordland vil ein i utgangspunktet ikkje få ja til kraft over 1 MW før løysing for betre nettkapasitet er på plass. - Bømlo har investert store summar i nye vegar, regulering og utviding av næringsområde og investeringar i vatn og avløp. Men me manglar altså kraft til å hente ut gevinstpotensiale i investeringane gjort, fortalte Ingvaldsen.

Når auka nettkapasiteten er på plass i Sunnhordland, har Sør-Noreg mest truleg gått inn i ein periode med kraftunderskot, og det er sannsyn for at det ikkje er tilgjengeleg kraft når nettkapasiteten er styrka. - Dette set oss i ein svært vanskeleg posisjon med tanke på næringsutvikling og det å vere attraktiv for nye etableringar, seier Ingvaldsen. - Skulle til dømes eit selskap på Bømlo bli kjøpt opp av nokon ein annan stad, og det blir diskusjon om kor selskapet skal utvida sin produksjon, vil Bømlo raskt bli nedprioritert slik stoda er no. Det er ein farleg stad å vere, fortel Ingvaldsen på møtet.

Viktig å kjenne begrensingar og moglegheiter i ulike løysingar

Løysingane for å sikre nok nett og kraft er ikkje enkle og beint fram. - Det er viktig at alle som tek avgjersler kjenner godt til dei begrensningar og dei moglegheiter som ligg i høve lokal kraftproduksjon. Eit mindre vindkraftanlegg i eit industriområde, vil til dømes ikkje gje større nettutbygginar eller sikre kraft til næringslivet lokalt, då Statnett ikkje vil godkjenne ny tilknytning utan at det er nok kraft i ovanliggjande nett. Men det kan få ned prisen på kraft for bedrifter i området.

Kraftproduksjon og nettutbygging i kommunale planar

Vidare løfta ein av tilhøyrarane i salen spørsmål om korleis kommunen og politikarane no jobbar for å sikre at kommunen er tydeleg på kor eventuelt lokal kraftproduksjon kan føregå. Dette meiner me i næringsrådet òg er eit viktig spørsmål. - Me kjem til å seie noko om dette i høyringssvaret vårt til KPA-en som er ute no, og me håpar fleire gjev innspel her, sa Ingvaldsen.

Kommunar som har teke omsyn til lokal kraftproduksjon i sine planar, vil få prioritet i køen hos NVE i konsesjonshandsaminga, dersom ein går i gang med kraftproduksjon. Det vil òg gje eit viktig signal til næringslivet om at det vert jobba med å legge til rette for meir kraft til næringslivet i framtida, sjølv om det per i dag ikkje er konkrete planar om slikt.

Ulike behov hos ulike interessentar

Etter fleire spørsmål frå salen vart samlinga avrunda med at alle i panelet fekk seie nokre ord til sist. - Me har medlemsbedrifter som treng kraft, og me har medlemsbedrifter innan berekraftig landbruk, reiseliv og fiskeri. Det er mange omsyn som skal takast framover i høve ulike interessentar, og ein må ha fokus på å ha minst mogleg naturinngripen og fotavtrykk, både for næringsliv og innbyggjarar, samstundes som ein peikar på kor ulik kraftproduksjon, alt frå bølgjekraft til sol, skal kunne føregå, avslutta Ingvaldsen.

Sjå alle nyhende