På Skjærgårdscruise med MS GåPå

bilde


På tur i vesterled

Torsdag 28. mai gjekk turen vestover då Bømlo Næringsråd inviterte til skjærgårdscruise med MS GåPå. Initiativet kom frå ein av gullsponsorane våre, DNB, som ønskte å samla medlemmene til ein sosial og fagleg inspirerande ettermiddag på sjøen.

På veg ut til Espevær flatt hav og foredrag .

Heile 55 deltakarar takka ja til invitasjonen, og fekk vere med på ein fantastisk dag, tilfeldigvis den varmaste og finaste dagen så langt i år. MS GåPå, som tilhøyrer Eidesvik reiarlag og vert leigd ut av Langevåg Bygdatun, viste seg som eit perfekt fartøy for denne typen arrangement. Med god kapasitet og trivelege omgjevnader er ho godt eigna for både bedrifter og andre som ønskjer ei oppleving utanom det vanlege.

Frå kai i Bømmelhamn tok kaptein Endre Barane oss trygt ut i øyriket, medan dagleg leiar ved Langevåg Bygdatun, Øyvind Monsen, sørgde for både matros- og servitørteneste om bord. Første stopp på ruta var vakre Espevær, ei av dei verkelege perlene på Vestlandet.

Foredrag på gamlemåten utan powerpoint, fungerer det også.

På veg utover fekk deltakarane høyre eit engasjerande innlegg frå Audun Kolstad Wiig i DNB, som delte innsikt i den geopolitiske situasjonen i verda i dag. Vel framme i Espevær vart det servert ei smakfull fiskesuppe med tilhøyrande drikke, eit høgdepunkt for mange.

Espevær har gjennom fleire hundre år vore eitt av dei eldste og viktigaste fiskeværa på Vestlandet. Øysamfunnet har lange tradisjonar knytt til sildefiske og sjølvberging, og i periodar var det stor aktivitet her med mottak, foredling og eksport av fisk. Under dei store vårsildfiskeria kunne det samla seg mellom 20 000 og 30 000 fiskarar i området, noko som seier mykje om kor sentral Espevær var langs kysten. På det meste budde det ca 750 mennesker fast i det vesle samfunnet, og staden vart eit livskraftig knutepunkt for både fiskarar, handelsfolk og sjøfarande. Espevær har hatt stor betydning for utviklinga av Bømlo då sjøen var hovudfartsåre, både økonomisk og kulturelt, og står i dag som eit levande minne om kysthistoria i regionen. Dei godt bevarte bygningane og det særprega landskapet gjer at ein framleis kan kjenne historia sitje i veggane, Espevær gir eit unikt innblikk i livet langs kysten slik det ein gong var.

Grunna låg sjø kunne me dessverre ikkje gå gjennom kanalen på Espevær, men turen heldt fram gjennom Nordre Sund med lokalkjent guiding undervegs. Neste mål var Hespriholmen i Nordøyane – ein heilt unik stad med ei historie som strekkjer seg om lag 10 000 år tilbake i tid. Her starta ein tidleg utvinning av grønstein, som vart brukt til å lage reiskapar som økser, pilspissar og knivar. Hespriholmen har òg spela ei viktig rolle i arbeidet med å gi Sunnhordland geopark UNESCO-status.

Undervegs fekk deltakarane òg høyre frå Lena Hetland Grønsberg i DNB Carnegie, som gav ei oppdatert innføring i marknadssituasjonen, med særleg fokus på valuta og valutasikring.

Vel framme ved Hespriholmen var det god tid til å utforske det gamle steinbrotet. Mange let seg fascinere av korleis menneske har drive utvinning her over fleire tusen år, og korleis steinen vart frakta vidare til fastlandet for foredling.

Planen var opphavleg å ta turen vidare til Geitung, men tidsrammene sette naturlege grenser. Klokka 17.45 skulle båten attende til kai, slik at tilreisande kunne nå vidare transport. På returen fekk deltakarane med seg eit kort, men tankevekkjande innlegg frå Astrid Kjellevold i Atheno, som peika på både utfordringar og moglegheiter regionen står overfor i åra som kjem.

Fire timar går fort i godt lag, og brått var me tilbake i Bømmelhamn. Nøgde deltakarar takka for ein minnerik dag før dei gjekk i land.

Bømlo Næringsråd ønskjer å rette ein stor takk til DNB Stord for initiativet og støtta til arrangementet, særleg Aase Lilleskaret Lund og Kristine Mikkelson. Takk òg til føredragshaldarane Audun Kolstad Wiig, Lena Hetland Grønsberg og Astrid Kjellevold, samt til Atheno som medspelar på turen.

Me håpar opplevinga gav meirsmak ,og ser fram til nye turar i det vakre øyriket rundt Bømlo. Ship og hoi me møtes igjen MS GåPÅ!

Tre svært nøgde deltakerar som koste seg på turen, fra v; Mari P. Totland(Ydda), Karina Børnes(Tubilah) og Martine Nesse Jordal (GAC Norway).