På inspirasjonstur til Rogfast

bilde
Foto: Ein stor delegasjon nede i det eine tunnelløpet i Rogfast

Stavanger2Bergen på visningstur/inspirasjonstur
langs E-39 til Rogfast.

Ein full buss med representantar frå kommunar,
næringsliv og organisasjonar fra kommunane mellom Bergen og Stavanger var på
busstur til Rogfast. 

Rogfast – eit gigantprosjekt som vil
revolusjonera samferdsla langs vestlandskysten

Rogfast er eit av dei største
samferdselsprosjekta i Noreg og skal bli verdas lengste og djupaste
undersjøiske vegtunnel. Tunnelen blir 26,7 kilometer lang og går opptil 392
meter under havoverflata mellom Randaberg og Bokn. 

Prosjektet er ein del av E39 og skal
erstatte ferjesambandet over Boknafjorden. Når tunnelen opnar etter planen i
2033, vil reisetida mellom Stavanger og Bergen bli redusert med om lag 40
minutt. Det var ein imponert forsamling som fekk omvisning i det eine tunnelløpet.

Rogfast får to separate tunnelløp med fire
køyrefelt og eit eige kryss inne i fjellet ved Kvitsøy. Arbeidet er godt i
gang, og i 2026 var om lag halvparten av tunnelen ferdig utsprengd. 

Prosjektet har ei berekna kostnadsramme på
20,6 milliardar kroner (2020-kroner) og er ein viktig del av arbeidet med å
skape ein meir samanhengande og ferjefri E39 langs Vestlandet. Me gler oss over
at me får kortare reiseveg til Stavanger og over at steg ein på å bind Vestlandet
saman ferjefritt er godt i gang.

Foto;BN Tunnellinnslaget i Mekjarvik


Relaterte bedrifter