Opplev Bømlo og nye medlemmar

bilde

Som følgje av COVID-19-pandemien, har fleire aktørar i det lokale næringslivet hatt utfordringar, deriblant reiselivsnæringa. Mange av dei lokale aktørane innan turisme og reiseliv er små bedrifter, og har ikkje musklar til å marknadsføre seg godt nok aleine i den nasjonale og internasjonale marknaden.

Bømlo næringsråd ønska difor å bidra til å styrkje turisme- og reiselivsnæringa i ei krevjande tid, med å utvikle eit heilt nytt informasjonssystem for opplevingar på på Bømlo. Me søkte og fekk innvilga koronamidlar frå Bømlo kommune til å utvikle nettstaden Opplev Bømlo, saman med næringa.

Opplev Bømlo viser opplevingar frå kommersielle aktørar som sel til dømes overnatting og aktivitetstilbod, og ikkje-kommersielle opplevingar som turløyper, badeplassar, aktivitetsparkar og historiske stader. I tillegg har næringsrådet lagt inn handels-og servicebedrifter. Informasjonen kan også enkelt hentast av andre nettstader, som Visit Sunnhordland, og synleggjerast i deira nye portal som kjem på hausten. Sida er interessant for dei som er frå Bømlo, bur på Bømlo, flyttar til Bømlo og reiser til Bømlo.

Ikkje ei tradisjonell nettside

Løysinga er ikkje ei tradisjonell nettside, men eit avansert informasjonssystem som næringsrådet utviklar i samarbeid med IT-utviklingsselskapet Ilder AS, med gründer og bømling Tor Gjøsæter i spissen. Informasjonssystemet har utvidingsmoglegheiter utover områda det er nytta til i dag. Det kan til dømes vidareutviklast for synleggjering av demografi og bustadområde for folk som ønskjer etablere seg i kommunen, synleggjering av næringsklynger, samarbeidsnettverk osv. for bedrifter som er medlem av Bømlo næringsråd. – Alle bedrifter som er vist på Opplev Bømlo er no innmeldt i Bømlo næringsråd, og nye medlemmar betalar inga medlemsavgift første året, sidan delar av kostnaden for utviklinga kjem frå koronamidlar frå Bømlo kommune, fortel Nina.

– Me vonar dei nye medlemsbedriftene ser nytta av å vere presentert samla på den nye nettstaden, og ønskjer vidare medlemsskap i næringsrådet. – Delta på aktivitetar næringsrådet legg opp til framover, så styrkjer me samarbeidet mellom aktørane i dei ulike næringane, oppfordrar ho til slutt.

Sjå alle nyhende