Olvondo Technology inngår samarbeid med multinasjonalt meieri

bilde

Olvondo Technology har vunne kontrakt med det multinasjonale selskapet Royal FrieslandCampina, og installerer no ei innovativ varmepumpe i ein av fabrikkane deira i Maasdam, Nederland. Varmepumpeteknologien bidrar til å kutte klimagassutslepp og energikostnader.

- Avtala med FrieslandCampina er ei stor anerkjenning av teknologien vår, som me har jobba i fleire år med å utvikle. Saman med FrieslandCampina har me eit prosjekt for å demonstrere avkarbonisering av prosessvarme i meieri ved bruk av dampgenererande varmepumper. Prosjektet er ein del av Noregs forskningsråd sitt regionale implementeringsprosjekt, og er ein del av løysinga på klimakrisa, seier Stefano Vittor, administrerande direktør i Olvondo Technology.

Pilotering av siste generasjon HighLift varmepumpe

Olvondo gjekk inn i eit samarbeid med FrieslandCampina for å pilotere siste generasjon av HighLift varmepumpa. Piloten går føre seg i Maasdam, på ein fabrikk som produserer alt frå yoghurt til vaniljesaus. Bygget er no klart, og installasjon av varmepumpa har starta. - Denne nye varmepumpa passar veldig godt i bruksoppsettet på fabrikken vår, og bruker spillvarme som primærkjelde, sier Peter Huisman, programleiar i FrieslandCampina.

Highlift Heatpump-teknologien spelar ei nøkkelrolle i Maasdam, og aukar produksjonsvolumet betydeleg, samstundes som den reduserer både energibruk og CO2-utslepp med omlag 25 %. Målet er å vere fullt operativ tidleg i 2024, og begge partar ventar spent på resultata. - Varmepumper er eit nøkkelelement i FrieslandCampinas avkarboniseringsarbeid. Me har jobba med Olvondo ei stund no, og er imponert over dei breie temperaturområda denne teknologien kan fungere i. Teknologien passar dermed perfekt inn i vår strategi for å redusere klimagassutslepp i produksjonsprosessen vår, og for å unngå aukande energikostnader.

FrieslandCampina har sett eit mål om 63 % reduksjon i klimagassutslepp innen 2030 samanlikna med 2015 i produksjon og mjølketransport, sier Gerrit Westhoff, Global Supply Chain Sustainability Director i Friesland Campina.

Om Royal FrieslandCampina

Royal FrieslandCampina er eit nederlandsk multinasjonalt meieriselskap eigd av eit mjølkebondekooperativ. Meieriselskapet sysselset meir enn 20 000 menneske over heile verda, og er sterkt tilstades i europeiske, asiatiske og afrikanske marknader sør for Sahara, i tillegg til Amerika. Selskapet opererer i både forbruksvare og B2B-marknader, kor produkta spenner frå spedbarnsernæring, ost og ingrediensar til farmasøytisk industri.

Åbo Academy i Finland støttar prosjektet gjennom å utvikle ein metodikk for vurdering og dokumentasjon av miljøpåverknad frå avkarbonisering frå industriprosesser ved bruk av varmepumper.

Om varmepumpa til Olvondo

HighLift by Olvondo varmepumpe er ei av dei første dampgenererande varmepumpene som no er kommersielt tilgjengeleg på marknaden. Teknologien får interesse frå selskap over heile verda. - Pionerar som FrieslandCampina, som fokuserer på innovasjon, fortener ros for å gå i front ved å ta i bruk ny teknologi for å redusere karbonutslepp, avslutter Vittor.

Sjå alle nyhende