Nytt liv og ny eigar av Bømlo Hotell – dette treng Bømlo.

bilde
Foto: Bømlo Næringsråd; Stor oppslutning og interesse fra det lokale næringslivet.

Det var stor stemning då Bømlo Hotell markerte den sielle nyopninga i samarbeid med Bra Lunsj.

Dagleg leiar i Bømlo Næringsråd Ragnfrid Sønstabø opna og ønskja gjestene velkommen, ho orienterte om drifta i Bømlo Næringsråd og om komande arrangement. Rundt 50 representantar frå næringslivet var til stades, saman med ordførar i Bømlo, Morten Helland. Opningslunsjen markerer ein ny start  for hotellet. 

Ny eigar av Bømlo Hotel Jens Tore Engevik har inngått eit samarbeid med Bra Lunsj som utfører dagleg reinhald av rom og fellesareal, i tillegg til å levere frukost, lunsj og middag til gjestene.

Ny eigar Jens Tore Engevik fortel engasjert om hotellet og kvifor han har vald å satse på Bømlo.

Hotellet er nesten fullbooka til 1 juni og har berre nokre få ledige rom att.

Det gode samarbeidet mellom hotellet og Bra Lunsj er avgjerande for drifta, og dagleg leiar i Bra Lunsj Tommy Persson uttrykkjer stor glede over å bidra til
den positive utviklinga, no serverer me tre måltid for dagen til 67 personar, fortel han.

Dagleg leiar i Bra Lunsj Tommy Persson,baud på nydeleg lunsj til dei frammøtte.

Dagleg leiar og eigar av Bømlo Hotell AS, Jens
Tore Engevik, ser med optimisme på framtida og alle dei spennande planane til Wartsila og LOS-Gruppen, som gir håp om vidare vekst og aktivitet på Bømlo. Det er eit stort potensiale her på Bømlo, fortel han som går med fleire planar for hotellet.

Opningslunsjen vart ikkje berre ein markering av hotellets nye epoke, men også eit bevis på lokalt samarbeid. Med ein engasjert og energisk eigar som satsar på breitt samarbeid, står Bømlo Hotell godt rusta for framtida.

Bømlo Næringsråd ynskjer lukke til med drift og satsing på videre utvikling av hotellet.


Relaterte bedrifter