Nytt liv i butikken på Foldrøyno

bilde
Foto: Trine Blåsternes Larsen har opna triveleg brukskunstbutikk i den gamle daglegvarebutikken på Foldrøy. Ho formidlar også sal for 13 samarbeidspartnarar i butikken sin. Bilete: Randi Olsen.

- Ja, dette har alltid vore butikken på Foldrøyno for meg, så det er kjekt at eg kan gje butikklokalet nytt liv, seier Trine Blåsternes Larsen med eit smil.

1. september opna ho butikk i lokala til den tidlegare daglegvarebutikken på Foldrøy. – Det var bakeri i andre enden av lokalet, men her var det daglegvarer. Og no er her altså brukskunst og kunsthandverk frå 13 samarbeidspartnarar å få kjøpt der foldrøybuen før handla mjølk og brød og koteletter. I tillegg til glas- og trevarene med bømlamotiv som ho lagar sjølv, finn me både lokalt produserte matvarer, keramikk, trearbeid, maleri, smykke og andre produkt frå lokale brukskunstnarar som ho formidlar i butikken.

Trine Blåsternes Larsen er blitt kjend for å prega glaskaraflar, glas og andre bruksting med bømlamotiv. – Eg lagar også spesialdesign etter ynskje, anten ved hjelp av sandblåsing (på glas) eller brenning (på tre), forklarar ho. Blåsternes Larsen har dei finaste skjerefjøler og karaflar og glas ståande i butikken sin. Ho har også kvite servise ståande, klare til å få trykt bilete på, anten det er av kjærasten eller av barnebarnet. Her er det berre å bruka fantasien.

Det heile starta som ein hobby
⁠- Eg laga ting til venner og kjende, i tillegg til jobben min hos Vikse, fortel ho. Etter kvart vart det travelt for henne. Ho hadde også utfordringar på heimebane, og ho sa opp jobben sin i 2020. Karaflane hennar med bømlamotiv var då komne for sal hos Til Bords, og var blitt svært populære. Ho fekk bestillingar frå bedrifter både i og utanfor kommunen som ville bruke produkta hennar. Me kan mellom anna drikka av hennar spesialdekorterte glas både på Haaheim Gard, på Bekkjarvik Gjestgiveri, Kuleseidkanalen Gjestehamn og Gamleposten på Espevær.

- Ja, det er robust glas, som tåler bruk, seier ho. Og fortel at det er ikkje dyrare å kjøpe vasskaraffel med motiv hos henne enn det er i andre butikkar.

- Men kvifor velje Foldrøy når du skulle opna utsal? Kvifor ikkje i sentrum?

- Både Foldrøy og lokalet treng liv og røre. Det er ikkje bra at lokale står tomme rundt om, seier ho. - Og så er det nær heime, eg bur like oppi bakken her, seier ho og peikar. Og med ein gut med særlege behov er det greitt å vera i nærleiken av skulen om noko skulle vera på ferde, forklarar ho.

Ein svært hyggjeleg butikk
⁠Her får kundane ein kopp kaffi når dei kjem, og kan setja seg ned for ein drøs ved eitt av borda. Ho fortel at ho såg snart at det var trong for fleire bord, - no står fleire til malings hos mor, fortel ho. Blåsternes Larsen seier at lokalet også er tenkt brukt som møtelokale, viss nokon har bruk for det.

Ho har opningstider kvar torsdag og ein laurdag i månaden, men opnar etter behov dersom nokon tek kontakt. – I helga, til dømes, var det scrappehelg på skulen her, og då spurde dei om eg kunne opne butikken på laurdag. Slikt er sjølvsagt kjekt, seier ho. Trine har også nettbutikk der ein kan handle varene hennar, men ho likar best å snakke med kundane sine ansikt til ansikt. - Det er kjekkast, for då kan me snakkast på ein annan måte enn på nettet, forklarar ho.

Butikken på Foldrøy har så langt vore open i berre tre veker, så det er tidleg å seie korleis responsen blir på litt lengre sikt. Så langt ser det likevel bra ut. Men Trine Blåsternes Larsen har vore open på at ho vil evaluere ved årsskiftet. – Det er ikkje vits i å ause ut ressursar viss ikkje butikken blir brukt, seier ho. Men ho håpar sjølvsagt at både bygdefolk og andre vil støtte opp om butikken hennar.

Sjå alle nyhende