Eit møte med Anita Alsaker, nye sjefen i Servogear
Me har vært så heldig å få treffe Anita Alsaker(53) ho er nye
sjefen(direktøren) som skal styre Servogear inn i framtida. Anita kjem frå Ytre
Alsåker i Hardanger, og er såleis ikkje heilt ukjent med regionen vår.
Ho har arbeida som dagleg leiar iProxima Hydrotech AS i fire år, før det arbeidet ho sytten år i selskapet Goodtech. I 2022 vart Servogear kjøpt opp av Bertel og Steen Power Soulution Norway og Anita er no ein del av leiargruppa til konsernet.
Det er ei erfaren næringslivskvinne som nå entrar Bømlo og sjefstolen i Servogear.
Eg gler meg til å være med å vidareutvikla Servogear videre, det er med stor audmjukheit eg nå skal inn å leia ei 50 år gamalt vel etablert bedrift som produserer vribare propellar for hurtiggåandearbeidsbåtar, hurtigferjer, offshorefartøy og yachtar, fortel Anita.
Me spør Anita kva erfaringar frå Proxima Hydrotech og Goodtech ho nå tar med seg inn i rolla som direktør for Servogear? Og korleis ho ser for seg at Servogear kan vidareutviklast under hennar leiarskap?
Eg har full fokus på å gi dei tilsette mogligheita til å utvikle seg vidare, klare å halde på dei samt jakte dei flinkaste folka og sjølvsagt utvikla selskapet. Memå vera på ballen heile tida ellers vert vi parkert, seier ho. Me må hele tida strekke oss og jobbe videre slik at me er attraktive også om 50 år.
Eg er glad for at me er ein del av eit større konsern med solide eigarar som ynskjer å satse på Servogear , har me gode idear og strategien klar så har me kapital i ryggen.
Eg er så heldig å få vera ein del av leiargruppa, der får eg trekke på deira kompetanse samstundes så eg får vise Servogear sin kompetanse fram. Eg fungerer som bindeleddet mellom konsernet og Servogear, og det fungerer bra, fortel ho.
Kva utfordringar og moglegheiter ser du framover for Servogear innan produksjon av vribare propellar til ulike båtar og fartøy? Målet er uendeleg. Me har nå starta ein strategi prosess. Målet er å finne ein strategi for vegen videre. Kloke val skal takast og gode strategiske vegval skal avgjerast nå. Eg ser lyst på framtida.
Anita Alsaker treff du på frukostmøte i kantina hos Matre 21 april kl 08.00
Relaterte bedrifter