Ny rammeavtale mellom Bømlo Profil og VVS Bømlo
PRESSEMELDING
Ny rammeavtale mellom Bømlo Profil AS og VVS Bømlo
Bømlo Profil AS og VVS Bømlo har inngått ei ny rammeavtale om levering av arbeidsbekledning og profileringsløysingar.Avtala strekkjer seg over 3 år, med opsjon på ytterlegare 2 + 2 år, og gjeld alle dei fire avdelingane i VVS Bømlo: VVS, Industri & Marine, Anlegg og Havbruk.Bedriftene ligg berre 269 meter frå kvarandre, noko som gjer samarbeidet både effektivt og svært godt forankra i lokal handel.
Avdelingsleiar VVS Bømlo, John Morten Sørensen, seier:
"Me har eit stort spenn i kva type arbeidsklede som blir brukt i dei ulike avdelingane våre.Sikkerheit og synlegheit er avgjerande, og Bømlo Profil forstår behova våre og hjelper oss med dei rette plagga i dei rette synligheitsklassane.Dette er spesielt viktig for den anleggsavdelinga som jobbar tett på trafikk både dag og natt.
No har me vore gjennom ein god prosess for å finne dei rette produkta, og alt ligg no klart for bestilling i Bømlo Profil sin eigen nettportal.Det gjer drifta vår meir effektiv, og me kan fokusere på kjerneoppgåvene våre."
Dagleg leiar i Bømlo Profil AS, Vegard Landeråen Røsland, kommenterer:"VVS Bømlo er ei framoverlent bedrift. Å ha ein tydeleg profil er viktig for å syna seg fram – både for kundar og for potensielle nye tilsette. Og dette er godt etablert i VVS Bømlo. I tillegg til arbeidsklede og skilting er det alltid noko nytt dei vil prøve – kreative hovud som stadig pønskar ut nye ting å setje logo på. Og me elskar nye idear!"
Den nye rammeavtala er no i kraft og styrkjer eit langsiktig samarbeid