Ny dagleg leiar skal videreutvikla Moster Amfi og forvalta ei unik kulturarv

bilde
Foto: Fto;BN. Marco Thomas er ny dagleg leiar i Moster Amfi og Kyrkjehistoriske senter

Har teke over stafettpinnen

Marco Thomas er ny dagleg leiar i Moster Amfi og Kyrkjehistoriske senter. Historia til Moster og tydinga staden har hatt for Noreg, er heilt unik. Det var her nokre av dei viktigaste endringane i overgangen frå heidendom til kristendom og utviklinga av lov og rett i Noreg fann stad, seier Thomas.

Marco Thomas er opphavleg frå Tyskland, men har budd i Noreg i 17 år saman med kona si. Familien bur i Valevåg i Sveio, og frå heimen ser han over til den nye arbeidsstaden sin på Moster.

Thomas starta som dagleg leiar 1. juni i år og vart kasta rett inn i høgsesongen for Moster Amfi og Kyrkjehistoriske senter.

Det har vore to travle månader, utruleg spennande og nesten uverkeleg kjekt, fortel Thomas. Eg ser mange moglegheiter for å utvikla dette unike senteret vidare og gjera det endå meir synleg og relevant, både regionalt og nasjonalt.

Eit viktig mål framover er å arbeida for ei meir langsiktig og føreseieleg finansiering av senteret. Moster Amfi ønskjer mellom anna å løfta fram den nasjonale betydninga til staden og arbeida målretta for statleg medfinansiering.

Etter ein travel start ønskjer Thomas å sjå framover. Han meiner senteret har potensial til å spela ei endå større rolle både som kulturarena, besøksmål og møteplass for lokalt næringsliv.

Målet mitt er å få til ei meir jamn heilårsdrift, fortel han. Me må leggja til rette for meir bruk gjennom heile året. Det ligg eit stort potensial her, og eg ser nye marknader og konsept som me ønskjer å kunna tilby både bedrifter og besøkande til amfiet.

Ønskjer ein å oppleva eit julebord utanom det vanlege, er Moster Amfi staden. Her kan ein kombinera måltidet med guiding, historiske utstillingar og opplevingar på ein stad med ei heilt særskild historie.

Dei to store Olavane har sett tydelege spor på Moster og i Noregshistoria. Etter tradisjonen lét Olav Tryggvason reisa ei kyrkje på Moster omkring år 995, og i 1024 vart kristenretten vedteken på Mostratinget under Olav Haraldsson, seinare Olav den heilage.

Dette er noko av bakgrunnen for dei historiske utstillingane Frå heidendom til kristendom og Frå makt til rett – kven har makt?, der utviklinga av samfunn, rettar og
verdiar vert sett inn i ein større historisk samanheng.

Me ønskjer å skapa opplevingar som gjer at folk får lyst til å koma til Moster også utanom sommarsesongen, seier Thomas.

Samarbeid med Sunnhordland UNESCO Global Geopark

Sunnhordland har sidan 2023 hatt status som UNESCO Global Geopark. Moster og Moster Amfi er ein viktig del av denne større forteljinga om korleis geologien har forma landskapet, naturressursane og samfunnet i regionen.

Thomas ser store moglegheiter i å vidareutvikla samarbeidet mellom Moster Amfi og Sunnhordland UNESCO Global Geopark.

Geoparken representerer noko heilt spesielt for regionen, og eg trur me saman kan skapa endå sterkare opplevingar og gjera historia og geologien i Sunnhordland tilgjengeleg for fleire. Eit godt samarbeid kan også bidra til at fleire finn vegen til Moster gjennom heile året.

Utstillinga Steinrikt ved Moster Amfi formidlar den geologiske historia i området og er ein viktig del av formidlinga knytt til Geopark Sunnhordland. Utstillinga er eigd av Moster Amfi, og gjennom samarbeidet med geoparken kan ho inngå i ei større regional
forteljing om geologi, natur og kulturhistorie.

Thomas har vore oppteken av å snakka med turistane denne sommaren. Mange er svært nøgde med det dei kan oppleva i amfiet, i Moster gamle kyrkje, ved steinkrossen og på den flotte turstien til Vetahaugen.

Moster er ei perle i seg sjølv. Me har drift i kafeen kvar dag heile sommaren, og me har dyktige tilsette som arbeider i kafeen, guidar og tek godt vare på alle som kjem til oss.

Dagfinn Lyngbø og NRK-innspeling

Komande helg kjem Dagfinn Lyngbø til Moster og fyller amfiet. At ein så stor og kjend komikar vel å avslutta turneen sin på Moster, er stor stas for senteret. NRK kjem også for å spela inn showet laurdag 22. august. Laurdagsshowet vart raskt utselt, og det er difor sett opp ei ekstraframsyning fredag 21. august. Der er det framleis nokre ledige
billettar.

Me går no inn i ein rolegare del av sesongen, fortel Thomas. Me ser på korleis me kan utvikla tilbodet vidare gjennom hausten og vinteren. Me ønskjer mellom anna å leggja til rette for aktivitetar og familiedagar, og håpar bømlingane nyttar høvet til å oppleva
amfiet også utanom sommarsesongen.

Julemarknad i amfiet

Ei av dei store hendingane denne hausten er den årlege julemarknaden 21.–22. november. Då vert amfiet fylt med gode dufter, lokalt handverk og mykje liv og røre. Julemarknaden har vorte ein fast tradisjon, og stadig fleire tek turen til Moster for å oppleva han.

Thomas kjenner på ansvaret ved å ha teke over drifta av ein stad som betyr mykje for både Bømlo og Noregshistoria.

For meg handlar det om å ta godt vare på det som allereie finst her, men samtidig våga å utvikla Moster Amfi vidare. Me skal forvalta ei viktig kulturarv, skapa meir aktivitet gjennom året og gjera Moster Amfi endå meir relevant både for dei som bur her og for dei som kjem langvegsfrå, avsluttar han.

Du får høyre meir fra Marco Thomas på årets Bømlakonferanse 17 september.

Foto;BN. Første høgsesong er over, no er Marco Thomas spent på hausten.


Relaterte bedrifter