Noregs Vels medalje for lang og tru teneste

bilde
Foto: Fra v. Helga Tornes ansatt i 28 år her saman med sin kollega Jacob Andre vedøy ansatt i 27 år.

Å heidra medarbeidarar som har vist lojalitet, arbeidsvilje og stor innsats gjennom mange år, er noko av det finaste ein arbeidsgjevar kan gjera.

Auto Service hadde eit arrangement i april der to dyktige, allsidige, lojale og kjære kollegaer vart tildelte Noregs Vels medalje for lang og tru teneste.

Helga Tornes har vore tilsett i 28 år, og Jakob Andre Vedøy har vore tilsett i 27 år.

Sveinung Hovland har tidlegare fått tildelt denne medaljen.

Dagleg leiar Lars Magne Halleraker sa under arrangementet at han er svært takksam for at dei har valt Auto Service som arbeidsstad,

og takka samstundes for godt samarbeid gjennom mange år.

Noregs Vels medalje for lang og tru teneste er ei sivil utmerking som blir tildelt tilsette som har arbeidd i minst 25 år hjå same arbeidsgjevar.

Medaljen vart innstifta i 1886 av Det Kongelege Selskap for Noregs Vel.

Medaljen for lang og tru teneste er den gjevaste heidersmedaljen i norsk arbeidsliv, og gir ei høgtidleg

og varig anerkjenning til medarbeidarar som har hatt stor verdi for bedrifta.

Relaterte bedrifter