Rett frå studier til ein internasjonal jobb ved sjøkanten på Moster
Då Nils Henrik reiste frå Bømlo for å studere økonomi og administrasjon ved Universitetet i Stavanger, såg han for seg fleire år i byen før han ein gong i framtida skulle flytte heim igjen. Slik vart det ikkje heilt.
Allereie før han var ferdig med bachelorgraden fekk han tilbod om jobb i Aasen Chartering på Moster. Dette var ein så god moglegheit at han ikkje kunne takke nei.
- Planen var eigentleg å ta ein master og jobbe nokre år vekke før eg flytta heim. Men då
denne moglegheita dukka opp, var ho for god til å la gå, seier han.
Sommaren 2024 flytta han heim til Bømlo igjen med jobbkontrakten signert.
Internasjonal jobb ved sjøkanten
I dag jobbar Nils Henrik som skipsoperatør i Aasen Chartering. Kontoret ligg heilt i sjøkanten på Moster, med utsikt over fjorden frå kontorstolen. Arbeidskvardagen er likevel langt frå lokal. Gjennom dagen er han i kontakt med folk frå store delar av Europa.
- Eg snakkar jamleg med folk i England, Nederland og andre stader på kontinentet. Sjølv om eg sit på Bømlo, jobbar eg i ein svært internasjonal bransje, som gjer kvardagen ekstra spennande.
Som relativt ny i arbeidslivet har han også fått ansvar tidleg.
- Eg har ansvar for operasjonane til fem skip, og snart kjem det også eit nytt skip som eg skal ha ansvar for. Du merkar fort at du kjem inn i ei bedrift i utvikling, der du får meir ansvar etter kvart.
At han fekk jobb før han var ferdig utdanna, set han stor pris på.
- Eg er veldig glad for at Aasen Chartering vågde å satse på meg som nyutdanna. Dei såg
moglegheiter og gav meg sjansen, og det er eg veldig takksam for.
Han trekkjer også fram arbeidsmiljøet som ein viktig del av trivselen.
- Det er eit veldig godt miljø i Aasen Chartering. Eg jobbar med flinke folk som eg kan lære
mykje av.
Båtliv, band og eit aktivt fritidsliv
Å flytte heim til Bømlo har også gjort det lettare å bruke tid på interessa hans utanfor jobb.
På fritida så bruker han mykje tid på musikken. Nils Henrik spelar i bandet No Signal saman med kompisar, og i løpet av det siste året har dei hatt mange spelejobbar rundt om i regionen.
- Me hadde ganske mange spelejobbar i fjor, og det ser ut til å bli mykje i år også. Det er
veldig kjekt.
Han meiner det er ein myte at det ikkje skjer så mykje på Bømlo. Dersom du er ein ja-person som likar å engasjere deg i ulike ting, er det mykje å finne på her, seier han.
Nært familie, natur og sjøen
For Nils Henrik er det fleire ting som gjer Bømlo til ein god plass å bu.
- Eg har nesten heile familien min her, og eg er ein familiegut. Det betyr mykje å ha dei nær. Eg har og mange gode venner her.
Favorittplassen finn han ute ved sjøen, helst i holmane på vestsida. Han er veldig glad i
båtlivet.
Han trekkjer ogfram at det er lettare å etablere seg på bustadmarknaden.
- Du får mykje meir for pengane her enn i byar som Stavanger, Bergen eller Oslo. Det gjer det lettare å kome seg inn på bustadmarknaden.
Fleire moglegheiter enn mange trur
Til andre som vurderer å flytte til Bømlo, meiner han det er mykje spennande å oppdage.
- Det finst gode moglegheiter for å få seg ein interessant jobb her, og i tillegg finst det ordningar som til dømes sletting av studielån.
Han trekkjer og fram breidda i næringslivet på Bømlo.
- Det kan vere at alle ikkje er klar over bredda i næringslivet og kor mange spanande bedrifter det er rundt om på Bømlo.
Og kanskje aller viktigast:
– Folk her er opptatte av å få unge til å flytte heim igjen. Derfor er dei og villige til å
satse på yngre folk.
Relaterte bedrifter