Næringsrådet på besøk hos Vikse

bilde

Styremøtet i februar vart halde på HSD-sentert, kor Hans Oskar og Aage Vikse presenterte litt av historia og vegen vidare for eigedomsselskapa dei driv.

Sidan 70-talet har Hans Oskar Vikse vore ein pådrivar for å utvikle handel- og servicenæringa i Bømlo kommune, både som eigedomsutviklar og gjennom butikkdrift. Det var han som i si tid bygga Sams Senter saman med andre lokale gründerar, og har i tillegg utvikla næringseigedommen Kuben i Hollundsdalen, eigedommar i sentrum av Rubbestadneset og Mosterhamn med meir.

HSD-senteret

I 2015 vart HSD-senteret opna. - Handelsnæringa har vore gjennom ei stor endring dei siste tiåra, og dei pågår framleis, fortel Hans Oskar Vikse til styret. - Me har heile vegen arbeidd for å tilpassa oss desse endringane, og dette var ein av drivarane for at HSD-senteret vart etablert.

- Sidan opninga i 2015 har me utvida senteret med 2 500 kvm, mellom anna med Pizzabakaren, Farge og Miljø, tannlege- og snart legekontor, fortel Aage Vikse. - I 2023 var omsetningsauken på 6,7 %, og me ser allereie tilsvarande tal for 2024. - Heile bygget er i tillegg i energiklasse A eller B, skyt Hans Oskar inn.

HSD-senteret har i dag 16 forretningar som tilsaman omset for omlag 260 MNOK. - Det er tett på 70 arbeidsplassar på HSD-senteret i dag, og når legesenteret er på plass, vil det bli enno fleire, fortel Hans Oskar. Når Normal opnar i april, blir det 17 forretningar på senteret.

Nytt næringsareal på Busthorn

I fleire år har Vikse saman med Kr. Steinsbø arbeidd med ein plan for kombinert bustad- og næringsfelt på nordsida av vegen frå Hollundskjosen til rundkjøringa ved Kuben. 15. februar gjekk planen gjennom i fylket.

Her vil det vere mogleg å etablere plasskrevjande handel, slik som trelast, køyretøy, hagesenter og likanande på motsett side av dagens industriområde. Vestover vil det bli lagt til rette for bustader. - Me har ansvar for utviklinga av næringsarealet på Busthorn, og så har Kr. Steinsbø og Norgeshus ansvar for bustadutviklinga, fortel Hans Oskar. Utviklinga skjer i samarbeid med ein av grunneigarane.

Næringsbygget Hollundsdalen

For nokre år tilbake var Aage Vikse med kjøpte LOS-bygget i Hollundsdalen gjennom Teca. No har dei planar om å bygge dette om til eit moderne 1 200 kvm kontorbygg med 50 kontorplassar. - Dette blir eit sentrumsnært kontorbygg, tre minutt til Svortland, fem minutt til Rubbestadneset og 25 minutt til Leirvik. Me etablerte i si tid Kunnskapshuset på Sæ, og dette har blitt ein stor suksess, fortel Aage. - Me har trua på at dette vil bli eit like levande kontorfellesskap på Bømlo.

I bygget blir det laga til ei felles kantine i første etasje, felles møterom og sosiale sonar. Teca sin avdeling på Bømlo vil flytte inn i bygget, men her er plass til fleire, alt frå etablerte bedrifter til oppstartsbedrifter. Bedrifter som er på leit etter kontorlokale nær sentrum, vert oppmoda om å ta kontakt med Aage Vikse for meir informasjon. Det er òg moglegheit å leige noko areal til lager/verkstad.

Styret til næringsrådet takka for at me fekk halde styremøtet på HSD-senteret denne gongen, og ikkje minst for god og nyttig informasjon knytt til både handel- og eigedomsutvikling i kommunen vår. Me følgjer spent med vidare.

Sjå alle nyhende