Næringsrådet på besøk hos Aasen Shipping

bilde
Foto: Dagleg leiar Torbjørn Torkelsen (t.v.) i Aasen Shipping saman med styreleiar i Bømlo Næringsråd Lauritz Eidesvik (t.h.).

Torsdag førre veka hadde Bømlo Næringsråd styremøtet sitt hos Aasen Shipping. Før møtet tok til, fekk styret lære meir om fraktefartsselskapet med tilhald på Dalaneset i Mosterhamn.

- Aasen Shipping er ei familiebedrift som vart starta av Hans Martin Torkelsen i 1981, fortalde dagleg leiar Torbjørn Torkelsen. Selskapet er eit uavhengig frakteselskap der ein har kontroll på befraktninga sjølv, med omlag 165 tilsette. Dei har ti skip, som lastar mellom 6 - 9 500 tonn, fraktar alt frå stein og betong, til korn og gjødning. Marknaden er i hovudsak Nord-Spania og Nord-Europa, og dei er ofte innom Noreg òg.

8. november kjem Torbjørn Torkelsen på konferansen til Bømlo Næringsråd, og der kan du høyre han fortelje om historia til selskapet, kva dei driv med i dag, og ikkje minst korleis dei som næringslivsaktør arbeider for å utvikle alt frå handel til attraktive bustadfelt for å bidra til levande sentrum i vår kommune.

Informasjon om program og påmelding til konferansen finn du her.

Styret til Bømlo Næringsråd takkar for at me fekk komme å ha styremøtet vårt her, og ikkje minst moglegheita til å bli betre kjende med ei av dei store bedriftene her på Bømlo.

Sjå alle nyhende