Møt LOS Power Solutions på Heim igjen 2025!
LOS Power Solutions veks og treng fleire flinke folk. Gjennom hausten har me signert fleire store kontraktar med sentrale aktørar i energisektoren. Med aukande oppdragsmengd
treng me fleire dyktige og engasjerte menneske som vil vere med å leie an innan
høgspenning og energiinfrastruktur – og som ønskjer å byggje framtida sine
energiløysingar saman med oss.
LOS Power Solutions er ein påliteleg EPCI- og totalleverandør av turnkey-prosjekt til alle typar høgspenningsanlegg frå 1–420 kV. Me leverer tenester gjennom heile verdikjeda –
frå rådgjeving i tidleg fase og prosjektering, via prosjektleiing og installasjon, til ferdigstilling, idriftsetjing, drift og vedlikehald.
Med eigne prosjektleiarar, ingeniørar, anleggsleiarar og energimontørar, samt eigne
styringssystem, sikrar me gjennomarbeidde, innovative og kostnadseffektive
løysningar for kundane våre. Ved å involvere oss tidleg i prosjekta får kundane
økt tryggleik når det gjeld metodeval, kvalitet, framdrift og budsjett. Me har kontor på Bømlo, i Oslo, Bergen og Tromsø/Finnsnes.
Me elektrifiserer Norden – saman med dei rette folka
I LOS Power Solutions er det menneska som utgjer skilnaden. No ser me etter fleire som vil vere med å gje energien nye, smarte vegar – og bidra til å elektrifisere Norden.Me er opne for ulike profilar og bakgrunnar:
·Ingeniørar med BSc./MSc., gjerne innan høgspenning, men òg lågspenning, automasjon, bygg, grunn eller mekanisk
· Montørar og anleggsleiarar som ønskjer å jobbe med prosjekt over heile landet
· Prosjektleiarar og administrative ressursar innan mellom anna forretningsutvikling, HMS, kvalitet og IT
Me har høgt fokus på vidareutvikling av tilsette, innovasjonskraft, eit triveleg arbeidsmiljø og ein framoverlent kultur.
Er du nysgjerrig på kva som krevst for å byggje høgspenningsinfrastruktur – eller vurderer å flytte heim igjen? Då tek me gjerne ein prat.