Møt Andreas og SMART Automation på Heim igjen!
To gode kollegar, Atle Håvik og Andreas Alendal
SMART Automation veks raskt og har kundar over heile verda. Dei leverer integrerte elektro- og automasjonsløysingar til alle typar fartøy og skreddarsyr leveransane i god dialog med reiar, verft og skipsdesignar.
– Det har vore ei mykje nytt, men ei veldig god oppfølging frå kollegaer. Og så var det jo akkurat dette eg sikta mot! Dette sa Andreas Alendal då han kom inn i SMART Automation for halvtanna år sidan.
Andreas føler han får ting til, at han trivest og får ansvar. Han kjenner på at han utviklar seg og trur det er viktig for mange at dei får ansvar. – Det er viktig å føla seg sett, vera ein del av laget og spela godt med, understrekar han. – Det er folka og arbeidet her som gir meg «yesss-følelsen», og bekreftar at eg har valt rett. Andreas fortel gjerne meir om det gode arbeidsmiljøet og kollegaer han kallar «guruar» som er kjempegode på det dei balar med.
– Me treng både ungdom og meir erfarne folk innan mellom anna elektro, automasjon, programmering og data, fortel dagleg leiar John Kåre Torkelsen, – folk med fagbrev på den eine sida til sivilingeniørar på den andre. – Og me kan lova eit kjekt og utviklande arbeidsmiljø, med godt samarbeid både fagleg og sosialt, der me saman skapar gode løysingar som dekker kundane sine behov.
Siste året har SMART Automation tilsett fleire nye medarbeidarar, og vil på nyåret ha 32 tilsette, fordelt mellom kontoret på Bømlo og avdelinga i Trondheim.
Aukande etterspurnad til grøne og effektive løysingar har gitt stor ordreinngong. For å møta den aukande etterspurnaden treng dei no fleire folk med på laget;
· Prosjektingeniørar integrerte elektro- og automasjonsløysingar
· Programvareutviklarar
· Serviceteknikkarar / -ingeniørar
– Me gler oss til å møta nettopp deg som har lyst på ein jobb på Bømlo, i ei lokalt eigd bedrift som leverer gode løysingar til det grøne skiftet. Eller kanskje du studerer i Trondheim og har lyst å jobba litt? - Ja då har me ein ledig kontorplass der og, avsluttar John Kåre!
Lasse Andre Stavland trivest godt på jobb hos SMART Automation