Moderne produksjon og samfunnsansvar hos Nesseplast

bilde
Foto: Ordførar Morten Helland og fabrikksjef Frode Urang

Moderne produksjon og samfunnsansvar hos Nesseplast på Bømlo.

Fabrikksjef Frode Urang overvårer kasseproduksjonen.

Næringsrådet og ordføraren i Bømlo, Morten Helland, var nyleg på besøk hos Nesseplast AS,
avdeling Bømlo. Fabrikksjef Frode Urang tok imot gjestene med opne armar.
Fabrikken har vore i stadig utvikling sidan oppstarten i 2003, og har blitt utvida heile seks gonger. Siste utbygging stod ferdig i 2021, og fabrikken framstår no som ein moderne kassafabrikk med imponerande kapasitet. 

Frå lokal leverandør til regional aktør

Då Nesseplast starta opp på Bømlo, leverte
dei fiskekassar til Bremnes Seashore. I dag leverer dei til fire store slakteri: Bremnes Seashore, HAFI, Eide Brandasund og Alsaker på Sundolitt.
Fabrikken produserer opptil 2.500 kassar i timen, og kan nå ein dagsproduksjon på heile 40.000 kassar med 2 skift. Kassane kjem i ulike variantar, mellom anna vanlege 20 kg fiskekassar, 10 kg kassar og 20 kg flykassar. I tillegg produserer dei lokk til kassane. 

Det tek 52 sekund å laste ein bil med kasser

Effektivitet og fleksibilitet

Ein av dei store fordelane med å vere
lokalisert på Bømlo er nærleiken til kundane. Fabrikken er laga slik at sjåførane kan laste bilane sjølv, og det tek berre 52 sekund å laste ein bil
med 1080 kasser til automatiserte lager – ein effektivitet som imponerer.Produksjonen kan justerast dagleg etter kva kundane ønskjer, og fabrikken har fleksible løysingar dersom det skulle oppstå driftsstans. 

Automatisert produksjon og miljøfokus

Produksjonen av kassane er heilt automatisert. Råstoffet til isoporkassane kjem frå Sundolitt. 

Standard isoporkasse består faktisk av 98 %
luft og veg berre 500 gram. Fabrikken brukar propan til oppvarming av dampkjelen. Bruker returvann fra maskiner til å varme opp lokaler og til forvarming av nytt råvann til kjel som det går ca 7-8000 liter av i timen til damp.

Arbeidsmiljø og sosialt ansvar

Nesseplast har 17 faste tilsette, i tillegg til faste ungdommar som jobbar på kveldstid. Bedrifta er også oppteken av å gi moglegheiter til personar som står utanfor arbeidslivet, gjennom samarbeid med NAV og arbeidsutprøving. 

Vekst og ambisjonar

I 2024 produserte fabrikken på Bømlo 4,2
millionar kassar, og målet for 2025 er å kanskje nå 5 millionar. Fabrikken har no gått forbi moderfabrikken i Balestrand i kasseproduksjon. Dagleg leiar for
Nesseplast er Erling Nesse som pendlar mellom Balestrand og Bømlo.

Høgsesong for laks

Jula nærmar seg, og ifølgje Frode Urang
aukar etterspurnaden etter laks betydeleg i denne perioden. I desember produserer dei i perioder seks dagar i veka, og enkelte gonger må fabrikken
køyre nattskift for å møte etterspurnaden frå kundar over heile verda. 

Nesseplast på Bømlo er eit godt døme på
korleis moderne industri kan kombinere effektiv produksjon, lokal tilknyting og
sosialt ansvar. Med kontinuerleg vekst og fokus på både tilsette og miljø, me
ønskjer dei lukke til vidare.


Sjå alle nyhende