Med hjarta for tradisjonsmat og gjestfridom

bilde
Foto: Ekstrahjelpene Kristine Meland og Johanna Tvedten

Det var eigentleg ikkje planen å drive kafé. Med utdanning som
saksbehandlar hadde Tove Stavland kanskje sett føre seg ein litt anna arbeidskvardag. Men då ho vart involvert i satsinga Opplev Bømlo, såg ho raskt at øya mangla ein stad der både fastbuande og tilreisande kunne få god, heimelaga mat.

Kort tid etter kom telefonen frå Vikse med spørsmål om ho ville ta over drifta for kafeen på HSD. Svaret blei ja, og sidan den gong har fokuset vore klart: tradisjonsmat laga frå botnen av, med lokale råvarer og ei raus oppleving rundt måltidet.

– Eg vil at folk skal få eit ordentleg måltid, mat som er laga med tid, omsorg og kvalitet, fortel Tove.

På menyen finn ein alt frå lokalt kjøt frå Erslands Gård og plukkfisk, men også rundstykke og salatar. Du finn også dei populære komlene deira, som trekkjer folk frå blant anna Stord, Fitjar, Haugesund og Stavanger. 

Ein travel sommar med rekordar

Sommaren er høgsesong, og det merkar dei godt. – Den 1. juli sa det berre pang, seier ho.

Komletorsdagane har blitt eit trekkplaster, og 2. juni sette kaféen salgsrekord. Med fem tilsette på jobb er det travle dagar, men stemninga held
seg god. Dette året tok ho ferie for første gong på seks år. No er batteria
lada, og ho er klar for resten av sommarsesongen.

Kvalitet framfor alt

Bak kafeen ligg mykje førebuing. Dei prøver å rekruttere sommarpersonalet allereie om hausten, slik at dei får god tid til opplæring før høgsesongen tek til.

– Det er så mykje som må lærast her hos oss, så vi ønskjer å gi dei god
tid slik at dei kjenner seg trygge når sommaren kjem, seier ho.

Dei faste rettane er ein viktig del av identiteten til staden. Mangekundar kjem nettopp fordi dei veit kva som står på menyen dei ulike dagane, og difor er det lite aktuelt å gjere store endringar.

– Vi har veldig trufaste kundar. Folk kjem for komlene, plukkfisken og dei faste rettane, så vi kan ikkje berre byte ut dagens middag.

Samstundes synest ho det er kjekt å prøve ut nye konsept innimellom. Då dei introduserte Bubble tea, skapte det stor interesse og kø ut dørene. Ho meiner det er viktig å følgje med på utviklinga, men utan å miste det som gjer kaféen spesiell.

Framfor alt handlar det om kvalitet. Alt blir baka ferskt, råvarene skal vere gode, lokala reine og atmosfæren uhøgtideleg og inkluderande.– Det skal vere ekte og raust.

Ei stab som skaper trivsel

Ho er rask med å trekkje fram dei tilsette når ho blir spurd om kva som
gjer kaféen spesiell.

Staben består av medarbeidarar frå mellom anna Thailand, Vietnam,
Filippinane og Skottland. Dei har lært seg dei norske tradisjonsrettane, og
leverer både kvalitet og service kvar einaste dag.

– Dei er alltid smilande og hyggelege, uansett kor travelt det er. Vi skal vere gjestfrie.

Fleire av dei faste kundane har fortalt at dei ikkje berre kjem for maten, men også for fellesskapen. Kaféen har blitt ein møteplass der folk kjenner seg velkomne, og der alle skal oppleve at det er rom for dei.

Ein trygg arbeidsplass og ein viktig møteplass

Når ho ser framover, handlar planane mindre om å vekse raskast mogleg,
og meir om å halde fast på verdiane som har vore viktige heilt sidan starten.
Ho ønskjer å vere ein original og autentisk aktør, ein stad som tør å vere seg
sjølv, og som ikkje berre følgjer straumen.

Ho har stor tru på at dersom dei tilsette trivst, føler seg trygge og har det bra på jobb, vil det også spegle seg i møtet med kundane.

Ho ønskjer å byggje vidare på ein arbeidsplass der folk føler seg verdsette, og der det er rom for både latter, utvikling og ansvar. Samstundes er målet at kaféen skal halde fram med å vere ein naturleg møteplass på Bømlo, ein stad folk kjem tilbake til fordi dei kjenner seg velkomne.

– Det eg gjer, vil eg gjere skikkeleg. Eg ønskjer å vere ein ein kan
stole på.

Med fokus på tradisjonar, lokale råvarer, gjestfridom og kvalitet har kaféen blitt mykje meir enn ein stad å ete. Han har blitt ein møteplass der både fastbuande og tilreisande kan kjenne seg velkomne,  og få servert ekte, heimelaga mat med omtanke.

Tobe Stavland er ei dama med stort hjarte og fantastiske heimelaga kaker.