Me gratulerer Aasen Shipping med nok eit nybygg

bilde

Neste veke legg det nyaste tilskotet til Aasen Shipping-flåten til kai på Moster.

MS Aasvard er søsterskip til dei to andre nybygga i den pågåande byggeserien hos Royal Bodewes i Nederland, og er no klar for dåp. Skipet er bygd på same lest som søsterskipa MS Aasvær og MS Aasland, der det nye skipet MS Aasvard er på 9400 DWT og er bygd som ein Hybrid Eco Trader. Det held såleis fram den grøne satsinga som har kjenneteikna flåtefornyinga til Aasen Shipping.

Wärtsilä er hovudleverandør av motor og framdrift på den hybride teknologien, med ein W6L25-motor tilpassa framtidas krav til brennstoff og utslepp.

MS Aasvard er det femte av til saman seks skip som vert bygde for Aasen Shipping AS i denne perioden. Det sjette og siste skipet i serien er venta levert i 2027. Dei nybygde fartøya går for Aasen Chartering.

Me gler oss til å ynskja MS Aasvard velkommen til Moster, og gratulerer Aasen Shipping med endå eit moderne og miljøvenleg skip i flåten!