Marine Profile – av og for bedriftene på Bømlo

bilde

Kven er Marine Profile, bedrifta som brenn som for Bømlo, samarbeid, vekst og utvikling? Som lagar til dugnadskonsert på Bømlo Hotell under pandemien, og deler ut gratis munnbind? Bømlo Næringsråd tok ein prat med dagleg leiar Jan Arvid Monsen og butikksjef Nils Olaf Sørenes, for å finne ut meir.

Kven er eigentleg Marine Profile?

– Marine Profile er ein del av Bømlo, svarar Jan Arvid Monsen. –Av og for bedriftene, skyt Nils Olaf inn. –Ei bedrift som har blitt til, og utvikla tenestene sine, på grunnlag av bedrifter på Bømlo sine behov, og lukkast fordi bedriftene her har ønskja å handla lokalt.

Marine Profile held til i Hovlandshagen på Langevåg, og Raglamyrvegen i Haugesund. – Det heile starta på Bømlo i 2012 som eit fritidsprosjekt når eg var heime frå arbeid offshore. I 2016 tok eg steget fullt ut og gjorde levebrød av prosjektet, og så har me vakse oss fram til der me er i dag, fortel Jan Arvid. – Dette har berre vore mogleg fordi me har fått så stor tillit frå bedriftene på Bømlo. Det ville til dømes ikkje vore mogleg å starte opp i ny kommune utan at lokale bedrifter brukte tilbodet me hadde etablert på Bømlo først.

Året som gjekk

Marine Profile driv sal av arbeidstøy, verneutstyr, profilering, samt grafiske tenester. – Me sel òg litt verktøy, men det er arbeidstøy og produksjon av skilt, dekor og reklame som er hovudgeskjeften. – All design og produksjon skjer på Bømlo, skyt Nils Olaf inn stolt. –Me driv òg litt skipshandelverksemd, som agent for Eurosupply, proviant og teknisk utstyr, og ser føre oss å utvikle dette i samband med fiskerihamna, fortel Jan Arvid.

2021 har vore eit greitt år for Marine Profile, sjølv om dei har merka utfordringar som følgje av korona. – Leverandørar har ikkje så mykje varer på lager, og når ein skal få noko levert, så får ein ikkje noko leveringsdato, fortel Nils Olaf. – Dette har vore ei utfordring, og blir nok ei utfordringa i tida framover òg. Kundane våre tek det heldigvis fint, for dei opplever det same sjølv, så dette er det forståing for.

– Ei positiv utvikling i år, er at me har teke om bord større prosjekt, som til dømes lysskilting. Siste kunde var Autoproff i Haugesund, og me har levert til lokale bedrifter som Napier og Eidesvik Havfiske, fortel Nils Olaf. – Sistnemnde var ein av dei første jobbane, og det å få oppdrag hos lokale aktørar, og at dei gjer oss tilliten til å utvikle oss som leverandør på nye område, er viktig for å lukkast. Så me set veldig pris på slike moglegheiter, seier Jan Arvid.

Samfunnsansvaret

Det er i dag fire fast tilsette på Bømlo, og to på deltid. –Det er eit sterkt, dyktig, utfyllande og kompetent team, fortel Jan Arvid. –Ting går av seg sjølv, seier Nils Olaf. – Dei tilsette får mykje skryt frå kundane våre, og dei hjelper alle kundane til å sjå heile biletet av leveransen.

Marine Profile samarbeider og med skulen, og har skuleelevar inne i arbeidspraksis. –Me tek òg inn folk på arbeidstrening via NAV, og på tilskot, og har enda opp me å tilsetje nokre av dei flinke folka me har hatt inne, fortel Nils Olaf.

–Me sponsar òg fleire lag og organisasjonar. Alt frå idrettslag, teatergrupper, russebilar, motocross, med meir. Me sponsar både med pengar og med dugnad. I sum bidrar me med 150 – 200 000 kr til sponsing, til lag- og organisasjonar over heile øya. – Når bedrifter på Bømlo bruker oss slik dei gjer, så er det kjekt å gje noko attende. – Er du raus med omgjevnadane, så vil du få noko tilbake på eitt eller anna tidspunkt, seier Jan Arvid. – Me meiner dette vil gje oss grunnlag for vidare vekst lokalt.

Året som kjem

– I 2022 er målet å bli enno meir synlege på Bømlo, og på nett. Me ser og føre oss å ha 1-2 tilsette til, som kan vere med å utvikle selskapet vidare, seier Jan Arvid Monsen. –Me har gjort fleire strategiske grep, og fått på plass ny nettstad, ny nettbutikk kjem på nyåret, og me byggjer om butikken, for å gjere den enno meir tilgjengeleg for kundane våre.

Sjå alle nyhende