LOS Gruppen kjøper maskinparken på Rubbestadneset

bilde
Foto: LOS Gruppen

LOS Gruppen kjøper maskinparken på Rubbestadneset, og sikrar med dette fleire viktige industriarbeidsplassar i kommunen.

Tidlegare i haust melde maskinerinsbedrifta Olvondo oppud, og 25 tilsette miste jobben. No ønskjer LOS Marine å tilsette tidlegare arbeidstakarar i maskinparken i sitt selskap.

Konsernsjef Jakob Særsten omtalar kjøpet som ein gladnyheit for lokalsamfunnet. - Det ville vore eit stort tap for Bømlo-området om denne maskinparken skulle forsvinne. No er drifta, samt fleire arbeidsplassar, sikra vidare drift under LOS Marine. Rett og slett ein gladnyhet for Bømlo.

Det vil bli ein gradvis oppstart frå 1. november når LOS Gruppen overtar parken, og maskinane er forventa å vere i drift innan 2-3 veker etter overtaking.

LOS Gruppen er allereie vel etablert på Rubbestadneset, med 65 tilsette i LOS Marine som driv ein maritim one stop shop på kaien. Her kan ein ta båtar på land i slipp eller flytedokk, samt utføre elektriske tenester gjennom LOS Elektro. No vert alle samla under same tak.

- Det er ein unik og viktig maskinpark, som har blitt brukt til å produsere motorar, propellar og liknande til alle typar skip. Parken er lett tilgjengeleg for alle, og me satsar på dette stort mot nye kundar i ulike segment. Størrelsesmessig er den heilt unik i Noreg og Europa.

Dagleg leiar for LOS Marine, Olav Koløy, ser på innkjøpet av maskinparken som ein positiv nyheit for kundane. - Det er ein styrke for heile Rubbestadneset at me klarar å bevare maskineringa her, samt hos oss i LOS Marine. Dette er òg stort for både nye og eksisterande kundar, og me ser frem til å starte opp maskinparken under LOS Marine.

Gjenforenes etter 10 år

1. november 2012 varsla Wärtsilä at dei la ned produksjonen av gir og propell på Rubbestadneset. Då skilte dei veg med Wärtsilä, og vart driven vidare av ei gruppe tilsette som overtok maskineringsparken. To år seinare vart skipsservice skilt ut, og drive vidare av LOS Gruppen som LOS Marine. No, akkurat 10 år seinare, vert desse to delane av tidlegare Wärtsilä gjenforent i LOS Marine.

Sjå alle nyhende