Livskraftig, oppegåande og ungdommeleg 90-åring

bilde
Foto: Rubbestadnes IL

Eller rettare, 91-åring. Nyleg inviterte leiinga i Rubbestadnes Idrettslag til heidundrande jubileumsfest for laget, eitt år forseinka på grunn av pandemien. – Heile Rubben har eit eigarskapsforhold til Rubbhallen. Det er storstova i bygda, og den vert teken godt vare på, fortel dagleg leiar.

Rubbestadnes Idrettslag vart stifta i 1931, og har i dag tett på 500 medlemmer, både aktive og støttemedlemmer. Victoria Laurhammer Kvernøy har vore dagleg leiar i fem år. Ho fortel til næringsrådet at dei utsette festen eit år for å få den festen dei hadde lyst å ha. - Men me markerte jubileet på ulike vis gjennom heile fjoråret på den måten me kunne i høve til restriksjonane. Mellom anna med utandørs aktivitetar og anna. Ho er både imponert og audmjuk over måten medlemmer og bygdefolk støttar lojalt opp om laget sitt. – Det gjeld forresten ikkje berre under pandemien, det gjeld generelt, slår ho fast. – Inviterer me til dugnad, me har såkalla stordugnader eit par gonger i året, så stiller folk opp, det er fantastisk. Det er nesten som me må be enkelte om å gå heim om kvelden, så ivrige er dei ivrigaste. Det er veldig kjekt, seier ho.

Kvernøy fortel at dei har fått koronakompensert tapte inntekter for planlagde aktivitetar som måtte gå ut, men dei har også vore kreative og tenkt nytt. Ho meiner dei har vore flinke. – Det me ser er at folk har vorte flinkare til å samarbeide på tvers, både ulike grupper internt i laget og på tvers av lag og organisasjonar elles. Ho har ikkje talet på kor mange frivillige idrettslaget kan mønstra, men fortel heller om det store samhaldet i Rubbestadneset. – Heile Rubben har eit eigarskapsforhold til Rubbhallen. Det er storstova i bygda, og den vert teken godt vare på. Mange dugnadstimar vart lagt ned då hallen vart bygt, og mange dugnadstimar har vorte lagt ned i å ta vare på bygget og området. Rubbhallen er blitt eit brukshus for alle i bygda, ja, for folk utanom bygda også, seier ho og fortel at det stadig kjem spørsmål om å få leige frå lag og organisasjonar andre stader i kommunen.

Stor aktivitet

Fotballgruppa er den største gruppa i laget. Den omfattar barnefotball frå seks til elleve år, og seniorlag dame/herre. – Me har av ulike årsaker ikkje ungdomsfotball i laget. Me satsar alt på å halda ungane ho oss til dei byrjar på ungdomsskulen. - Så har me eit stort og godt badminton-miljø her, mellom anna med unge spelarar på høgt nivå. Det skuldast eldsjeler som har stått på gjennom mange år. Aktiviteten her dalte nok litt under pandemien, men no prøver me å leggja betre til rette for treningstider som passar. Det er eit veldig godt miljø i denne gruppa, og badminton-idretten passar for alle. Den er lite utstyrskrevjande, sko og ein racket, og alle kan vera med, i alle aldrar.

I tillegg til dette har dei turn – felles, der dei har barnegruppe Gym og leik to til fem år, dei har spinning, zumba, seniorspin og anna. Styrkerommet i hallen er flittig i bruk, og dei sende nyleg ein representant for idrettslaget til EM i Kendo. Så aktiviteten er stor.

Spennande planar

Men dei har også spennande planar. – Ja, me har eit par nye prosjekt på gang, fortel Victoria Laurhammer Kvernøy. – Frå i haust vil e-sport bli eit nytt tilbod i laget. Ho fortel at det er sett ned ei prosjektgruppe, og at dei er i ferd med å pusse opp eit ubrukt møterom i hallen der e-sporten skal halde til. Der vil bli trenarar og leiarar og me satsar på å opne tilbodet til hausten. Det er mange andre idrettslag som også satsar på e-sport, så me vil kunne danne lag og spele både med og mot kvarandre. Det vert grådig spennande, seier ho.

Det andre store prosjektet dei held på med er å få bygt to padelbanar i tilknyting til Rubbhallen. Padel, som kort fortalt er ei blanding av tennis og squash, er i ferd med å bli kjempepopulært, og Victoria fortel at mange bømlingar reiser til Stord for å spela. - På Stord har dei allereie etablert padelbane, det er kjempepopulært, seier ho. RIL har allereie fått ein del prosjektkmidlar til padelbanane, men det står enno att ein del. – Me har eit område bak hallen som me tenkte å bruka til dette. Området har plass til både bord og benker i tillegg til banane og me håpar det kan bli ein kjekk samlingsplass for unge og eldre rubbarar etter kvart.

Rubb IL har også engasjert seg i frisbee-banen som er opparbeidd, dei har kjøpt inn og har ansvaret for korgene på banen. – Variasjonen i laget er kjempebra! meiner den daglege leiaren. Ho peikar på at det viktigaste for henne og laget er at barn og unge har ein aktivitet dei trivest med. – Her i Rubbestadneset får dei til mykje bra, og eg har inntrykk av at det gjerne er litt enklare i ei lita enn i ei stor bygd å samla folket om enkeltprosjekt. Ho fortel om godt samarbeid med grendelaget i bygda, og med andre lag og organisasjonar.

Utfordringar?

Kva med utfordringar? Høge straumprisar til dømes? – Me greier oss. Straumprisane er ei utgift som mange andre, og me er glade for kompensasjonen me har fått, seier ho og vedgår at dei har brukt pengar på straum som dei heller skulle sett gå til andre ting som kom medlemmane til gode. – Enkelte ting har me også måtta utsett, men igjen har me prøve å vera kreative og tenkja alternativt, mellom anna ved å flytta aktivitetar utandørs. Kvernøy er glad for gode sponsorar som støttar dei, og for medlemmane som betalar kontingenten sjølv om aktiviteten har lege nede ei stund. Men alt i alt ser ho ein 91-åring i fint driv framover. – Det skjer mykje her i Rubben no, både det nye forskingssenteret, og hotellet som får eit løft, butikken som skal utvidast. Alt dette vil truleg også få positive ringverkander for Rubbestadnes Idrettslag. Det er mellom anna derfor me er medlemmer i Bømlo næringsråd, det er viktig for oss å følgja med på alt det spennande som skjer i næringslivet på Bømlo, og vera synlege og få informasjon og vera ein del av alt som skjer. No skjer det mykje positivt, så me ser i grunnen lyst på framtida, seier ho.

Om berre ni år kan dei feira 100-årsjubileum for idrettslaget i Rubbestadneset. – Er det planar om å få historia mellom to permar? – Mnja, me får sjå. Ingen lovnader, seier Victoria Laurhammer Kvernøy med eit lurt smil.

Sjå alle nyhende