Lange tradisjonar, lokale røter og blikket retta framover

bilde
Foto: Foto; BN Kristian er nett tilbake i butikken, i denne forretninga får ein tak i det meste ein treng og det du ikkje trudde du hadde trong for.v du treng

To tradisjonsrike handelsbedrifter

Trass i sterkare konkurranse frå netthandel og endra handlevanar, held både Hans & Hennes og Østensen fram med å utvikle seg - utan å miste det som har gjort dei til viktige handelsverksemder på øya.

For begge handlar det om meir enn å selje klede. Det handlar om å kjenne kundane, satse på eigne tilsette og vere ein naturleg del av lokalsamfunnet.

Familiebedrifter med lange tradisjonar

Historia til Hans & Hennes starta i 1982, då Arnt Erik Skjøtskift kjøpte butikken. Den første tida heldt verksemda til i kjellaren på den gamle combisenteret, der Gjenbruken ligg i
dag. Seinare flytta butikken til Sams Senteret, før han for rundt ti år sidan fekk nye lokale i HSD-bygget.

I dag er det Cecilie Skjøtskift som fører familieverksemda vidare. Ho byrja å jobbe i butikken allereie som ungdom, og etter utdanning innan varehandelsleiing tok ho over drifta for tolv år sidan.

Østensen har ei endå lengre historie. Bedrifta vart etablert for 126 år sidan i Urangsvåg, der oldefaren til dagens eigar dreiv handel med mellom anna matvarer og salt. På 1950-talet flytta verksemda nærare Svortland, og det var då klesbutikk vart den viktigaste
delen av drifta. Sidan den gong har butikken halde til i fleire lokale, før han flytta inn i Sams Senteret i 2019.

Dagens eigar, Kristian Husø Østensen, visste ikkje alltid at han skulle ta over familiebedrifta. Etter ein bachelor i økonomi i Stavanger valde han likevel å vende heim. Han har jobba i butikken sidan han var 15 år, og sidan 2003 har han hatt dette som
fulltidsyrke.

– Det kjekkaste med jobben er menneska. Me kjenner kundane våre, møter dei både i gode og vanskelege periodar og veit ofte kva dei ser etter. Det er noko heilt spesielt med å vere ein lokal butikk, fortel han.

Ein travel sommarsesong

Sommaren er ei viktig tid for begge butikkane. Når turistar og hyttefolk kjem til Bømlo, aukar aktiviteten, samstundes som dei faste kundane framleis utgjer grunnmuren i drifta. 

Hos Hans & Hennes betyr sommaren mange nye ansikt inn dørene og høgare omsetning enn elles i året. Også hos Østensen er sommaren blant dei beste månadene. Begge butikkane har også endra måten dei marknadsfører seg på. Skal dei nå sommargjestene, er sosiale medium blitt ein viktig kanal.

– Hyttefolket les ikkje nødvendigvis lokalavisa, men dei følgjer med på Facebook og Instagram. Då må me vere synlege der dei er, fortsette Kristian.

Dei tilsette er ein viktig del av drifta

For både Hans & Hennes og Østensen er dei deltidsansette langt meir enn ekstra hjelp i travle periodar. Dei er ein viktig del av verksemda gjennom heile året. Hos Østensen er
sommarhjelpene dei same ungdommane som arbeider i butikken resten av året. Når
sommaren kjem, tek dei berre fleire vakter.

– Me likar å få ungdommane inn tidleg. Dei lærer butikkfaget, blir kjende med kundane og får erfaring dei tek med seg vidare. Når nokon reiser på studiar eller læreplass, kjem det nye til, fortel han.

Den same tankegangen finn ein hos Hans & Hennes, der dei deltidsansette spelar ei sentral rolle når kundestraumen aukar. Samtidig møter kundane kjende ansikt, noko begge butikkane meiner er ein viktig del av opplevinga.

Handelen har endra seg

Sjølv om butikkane har lange tradisjonar, har kvardagen endra seg mykje dei siste åra.

– Før kunne det å gå i butikk vereein hobby. No kjem folk inn med ein plan. Dei veit stort sett kva dei skal ha, og ønskjer å handle effektivt før dei skal vidare til jobb, trening eller andreaktivitetar, fortel Kristian.

Det har også endra rolla til nettbutikken. Begge butikkane satsar digitalt, men ser den først og fremst som eit supplement til den fysiske handelen.

Hos Hans & Hennes er vidareutvikling av nettbutikken ein del av planane framover. Hos Østensen står netthandelen for om lag 10–15 prosent av omsetninga.

– Nettbutikken fungerer nesten som eit digitalt utstillingsvindauge. Mange ser på varene heime før dei kjem innom butikken eller bestiller med klikk og hent, fortel Cecilie. 

Likevel er begge samde om at det viktigaste framleis skjer i den fysiske butikken.

Den personlege kontakten er noko netthandelen aldri kan erstatte. Gjennom mange år har butikkane følgt kundane gjennom ulike fasar av livet, og relasjonane som er bygde opp over tid er framleis den største styrken. 

Med over hundre år med samla historie bak seg viser Hans & Hennes og Østensen at lokal handel framleis står sterkt på Bømlo. Tradisjonar, lokal kjennskap og evna til å utvikle seg i takt med kundane er framleis det viktigaste konkurransefortrinnet.

Cecilie Skjøtskift er andre generasjon eigar og drivar av Hans & Hennes på HSD Senteret. Butiken har det meste ein treng av klede både til han og henne.