Låg ledigheit i Sunnhordland
31. juli 2026 // Pressemelding Nav region Sunnhordland
Låg ledigheit gjennom sommarmånadane
I juni og juli månad blei det registrert høvesvis 1 prosentpoeng og 1,1 prosentpoeng ledigheit i Sunnhordland. For juni månad utgjorde dette 324 heilt arbeidsledige personar, og for juli månad er talet 349 personar.
På landsbasis og for Vestland fylke held tala seg like i både juni og juli. På landsbasis var ledigheita på 1,9 prosent begge månadane og for Vestland fylke var andelen 1,6 prosent for begge månadene.
I juni vart det registrert 370 ledige stillingar og i juli var det registrert 210 ledige stillingar. Behova er fortsatt klart størst innan helse, pleie og omsorg, medan behova innan barne- og ungdomsarbeid kjem etter og er det yrket med størst auke samanlikna med same tidspunkt i fjor.
-Som venta held ledigheita seg på eit lavt nivå i juni og juli og. Normalt ser me ein dropp i ledigheita desse månadene, men sidan ledigheita har vært vedvarande låg gjennom heile året blir ikkje dette droppet like synleg som det pleier å være, særleg for juli månad, seier Håvard Lægreid, regionleiar for Nav i Sunnhordland.
I juli er ledigheita lågast i Stord kommune med 0,9 prosentpoeng før Kvinnherad kjem med 1 prosentpoeng. Sveio og Tysnes har begge 1,1 prosentpoeng, medan Fitjar har 1,2 prosentpoeng og Bømlo har 1,4 prosentpoeng.
Ventar ei auke i arbeidsledigheita utover hausten
Sjølv om etterspurnaden etter arbeidskraft i Sunnhordland fortsatt er stor og ledigheita fortsatt held seg på eit svært lavt nivå, er det venta at ledigheita i regionen vil auke utover hausten 26.
-Me ser nokre tidlege teikn på at ledigheita kjem til å auke utover hausten 26, noko som nok vil fortsette vidare i 2027. Dette er i tråd med det prognosane om arbeidsmarknaden i Sunnhordland seier, og heng i stor grad saman med aktiviteten i verftsindustrien i regionen, seier Lægreid.
Av dei ledige i juni og juli utgjer permitterte 0,2 prosentpoeng for begge månadene. Bedrifter som står i fare for å måtte permittere eller sei opp folk har tilbod om å kontakte Nav for å få bistand, og ved ein viss størrelse er ein pålagt å kontakte Nav jf. Arbeidsmarknadsloven.
-Me oppmodar bedriftene til å kontakte oss for råd og rettleiing dersom dei har behov for det. Den beste, og til ei kvar tid oppdatert informasjonen, finn ein på nav.no – noko som gjeld både for arbeidsgivarar og arbeidssøkarar. Sjølv om loven ikkje krev at ein bedrifter melder frå til Nav om det er færre enn 10 arbeidstakarar som er råka av permittering eller masseoppseiing, ønsker me å ha dialog med alle bedriftene som kjem i slike situasjonar og bistå den enkelte bedrift, avsluttar Lægreid.
Relaterte bedrifter