Kva skjer på Espevær?

bilde

Me har vore der, dei fleste av oss. Kanskje nytt ein fin sommardag med is på kaien, vakre rusleturar på billause, smale vegar mellom maleriske hus og vakre, velstelte hagar. Eller i kald, frisk vind frå nord eller sør, med eller utan regn.

– Men kva skjer og korleis ser framtida ut?

På skyssen ut til Espevær møter me Silje Hatlevik, innfødd Espeværing, nett bikka 40 år, mor til tre, lærar og spesialpedagog med mykje entreprenørskap i blodet. Ho fortel om eit par usikre år som samstundes har gitt stort besøk i gourmetrestauranten «Gamleposten 5444» dei to siste somrane.

Driftig trekløver i familieverksemda

– Det er sikkert ikkje uvanleg å sei, men me ante jo ikkje kor mykje arbeid det var då me sette i gong med dette prosjektet, fortel Silje i det ho viser oss rundt i dei fascinerande lokala. På to plan er det innreia til restaurant, med småbord og bar i restaurert, rustikk stil. Mykje har dei gjort sjølv, noko har dei hatt fagfolk til. Og dette er verkeleg eit familieforetak. Silje er yngst og dagleg leiar og ilag med dei eldre søskena Rollaug og Torstein utgjer eit effektivt trekløver. Og ja, det er han Torstein som har bygd opp suksessen Haaheim Gaard på Tysnes.

– Me er eigentleg ikkje så gode på marknadsføring, men Espevær er jo ei sterk merkevare i reiselivssamanheng, folk kjem jo til Espevær. Det trur me har hjelpt oss. Og så har me eit flott serveringsteam, neste generasjon med søskenbarn og tremenningar som er flinke og glade i jobbane sine, skryt Silje. Ho peikar på at det til no ikkje har vore tatt ut noko løn til eigarane. Håpet er etter kvart blir høve til at ein av dei kan ha ei delstilling. Det er mykje som skal handterast på fritida!

Samarbeid er viktig

På Espevær har dei alltid samarbeidd og seld kvarandre sine tenester. – Me er jo ulike typar aktørar, Baadehuset og Hummarparken er jo drive på dugnad. Butikken er veldig viktig, heldigvis har den godt bra dei siste åra, den er avhengig av sommar- og feriehandlande. Og me er avhengige av den, fortset Silje. Ho nemner også «Keramikken», eller Galleri Kristina Wilhelmina, ein spanande verkstad og galleri eit stykke nedanfor Gamleposten. Og sommarkafféen i grendahuset, UFO-ringen og Hespriholmen. – No skal me setja oss ilag og evaluera sesongen, og tenkja på korleis me kan gjera ting enno betre utover, smiler den driftige Espeværdama. – Og så har me jo fått eit nytt tilbod gjennom charterbåten «Venemøy» i år, snakk med Stian Rysjedal. Han kan fortelja meir om kva tilbodet hans går ut på.

«Venemøy» - allsidig båttilbod på Bømlo

Me tar like godt turen innom til Stian. Han har drive selskapet sitt i ti år, og satsa i år friskt på båten «Venemøy» som har plass til 38 passasjerar og kan bestillast til firma- og private turar.

– Eg ynskjer å visa fram den fantastiske naturen i skjergarden rundt Bømlo. Her er natur og kultur som er spennande og interessant å få oppleva. Eg er guide og skipper, hentar folk der dei er og leverer dei der dei vil, smiler den trivelege sogningen. Ynskjer bedrifta di at eg kjem er det berre å nemna ein kai, så finne eg ut om det er plass å komma inn med «Venemøy». Så vipps, så er me på tur. Pris kan me avtale på førehand, sjølvsagt.

Sjå alle nyhende