Kristin Høyland valde Espevær og starta sin eigen arbeidsplass
Kristin Høyland valde Espevær og starta
sin eigen arbeidsplass!
Næringsrådet har besøkt vårt nyaste medlem, Galleri
Kristina Wilhelmina, på Espevær.
Galleri kristina Wilhelmina ligg ved sundet i Espevær, "Eg vert jo inspirert av utsikta", seier Kristin.
Kristin flytta til Espevær i 2017 med mannen
Terje Eidesvik og deira tre barn, og ho har ikkje angra ein einaste dag. "Me hadde leigd hus her i eit par år, så kjøpte vi huset og flytta til Espevær.
Fyrste gong eg gjekk over landgangen på skyssen, kjende eg at eg var komen heim," fortel Kristin.
Kristin er utdanna sjukepleiar, men har
alltid vore kreativ, ho gjekk eit år på folkehøgskule på ei kreativ linje, der fekk ho utløp for ideane sine.
Eg starta i det små med å kjøpe leire og
ein omn, og leigde lokale i Assuransen på Espevær. Lokalet vart raskt for lite.
Eg hadde aldri heilt tenkt at dette skulle bli så stort som det faktisk har blitt, så i 2019 bygde vi på huset og eg fekk eit keramikkverkstad og ordentlege arbeidsforhold.
Ho sel keramikk heile året og jobbar i
verkstaden nesten kvar dag. I tillegg leverer ho til fleire galleri i Noreg, mellom anna Stord, Bergen, Tromsø,
Narvik og Haugesund.
Figurane ho lager er populære, billeta også.
Denne sommaren har eg salsutstilling i Stjørdal, fortel ho. Eg sel også ein del via nettbutikken, men der har eg eit forbetringspotensial. Eg har ikkje tid til å vedlikehalde den no når det er sesong.
Kristin har ope kvar dag i sommar, og
galleriet er svært godt besøkt. "Eg har fastbuande, hyttefolk, båtturistar og dagsturistar kvar dag i galleriet," fortel ho. "Mange kjem tilbake
år etter år fordi dei samlar på figurane mine, noko eg synest er veldig stas."
Ho har måla bilete i eit par år, og det er
ganske plasskrevjande. I fjor kjøpte me ein leilegheit her på Espevær som eg brukar som atelier. Det er godt å kunne låse døra og sleppe å rydde opp kvar
dag. Eg kan ikkje ha utsal, måle og produsere keramikk samtidig, det har eg ikkje plass til her i huset mitt, fortel ho.
Kristin sel mange bilete i året, dei er måla på lerret, og fiskebileta hennar har blitt svært populære. No har
ho også starta med giclee-trykk i få opplag.
Eg har fått ganske mange bestillingar på bilete, dei startar eg på når sesongen er over. Haust og vinteren går med til å lage keramikk og måle bilete. Eg sel jo heile året, mange kjøper gåvekort, i tillegg så leverer eg til bedriftskundar, og eg deltek på nokre julemesser. Då går det mest i nissar og englar, fortel ho. "Ja, eg har
sendt julenissar til Amerika. Eg var litt engsteleg for at dei skulle kome
heile fram, men det gjorde dei."
Korleis kom du på namnet? "Kristin er
eit altfor kjedeleg namn. Det var faren min som kalla meg Kristina Wilhelmina
då eg var lita, visstnok etter ein song. Det namnet synest eg passar betre enn
Galleri Kristin Høyland."
Her er noko for ein kvar smak, og i alle prisklassar.
"Eg vil retta ein takk til alle som har
vært med å heia på meg, fyrst og fremst maen min Terje, som mange trur er modell for nokre av figurane mine", ler Kristin. Ho gler seg over alle gode støttespelarar og over kor godt dei har blitt motteke her på Espevær.
Me bur på verdas beste plass, seier ho.
Bømlo Næringsråd ynskjer Kristin lukke til
videre med arbeidet hennar, og anbefaler alle å ta turen til Perlå i Vest i sommar!