Kjøpmannen på Joker Finnås ser lyst på framtida!
Kjøpmannen på Joker Finnås ser lyst på framtida!
Kjøpmann Idar Larsen, er klar for Kanaldagane.
Idar Larsen (51 år), er 5 generasjon kjøpmann på Finnås. Familien Larsen har drive handel samanhengande
sidan 1883 og feirar 150 års jubileum i 2033. Idar kjøpte seg inn i butikken i 1999, så dreiv han til 2023 saman med onkel Arvid Larsen, då overtok han bygg
og butikk aleine. "Eg har vokst opp i bransjen og har
stortsett jobba i butikk", fortel Idar.
Joker Finnås har 6 årsverk, og har 12 ansatte totalt inkludert skuleungdommar. Idar skryt over dei ansatte, han har stabile ansatte, med ein naturleg rulering av dei unge.
Marianne Tollaksvik arbeide på Joker Finnås, ho rekner med at dei kjem til å selge over 500 kanalboller på laurdag og søndag.
Joker Finnås er ein stor,flott og innhaldsrik butikk, der ein får fatt i det meste. Dei har pakkeutlevering, Norsk Tipping, Rikstoto, leker, kjøkkenutstyr, garn og ikkje minst eit rikhaldig daglegvare utval.
Det er ein særdeles velfylt og ryddig butikk som møter ein,når ein tek turen til Joker Finnås.
Kanaldagar, Ankerfest og sesong.
Næringsrådet møter ei svært opplagt og engasjert kjøpmann som gjer seg klar for ei av dei travlaste helgene i året, Kanaldagane.Han peikar på at Ankerfest gså er ei svært god helg. Sesongen startar til påske og går ut oktober, og denne sommaren har vore veldig god.
Grøn og framtidsretta butikk.
Joker Finnås vart totalrenovert i 2018.Det er ein tipp topp moderne Joker butikk der ein har bygdt opp ein helt ny butikk i lokalet, her er investert for 6-7 millionar. Kjøler og frysere går på CO2, og ein har installert solceller på taket. Slik sparar han 80- 100 000 kwt i
året. Joker Finnås er rigga for framtida og for framtidige miljøkrav. Butikken er grøn, og me har grøn finansiering,
fortel Idar. Nye investeringar er på gong, og i sommar
har han fiksa fasaden og i haust skal dei asfaltere på baksida.
Fasaden er pussa opp i sommar.
Finnås, det naturlege sentrum i Bømlo.
Idar hevdar hardnakka at Finnås er det naturlege sentrum på Bømlo, også geografisk. Han ser no fram til at vegen sørover skal bli ferdig. Det er god aktivitet i Finnås bygda og framtidstrua er stor. Dei venter spent på at politikerane skal vedta ny skule på Våge.Våge skule har dette året 82 elevar og antalet er stabilt.
Med all aktivitet som skjer rundt i kommunen, så ligg Finnås sentralt plassert med kort veg til Langevåg, Moster, Bremnes, Rubbestadneset og Stord. Me har attraktive tomter med kort veg til sjø fortel han.All aktivitet er god aktivitet seier han, og gler seg over at Bømlo Folkehøgskule i år har fått mange nye elevar.
Kulleseidkanalen Gjestehamn ei gåvepakke til bygda.
Kulleseidkanalen Gjestehamn er ei gåvepakke til heile Bømlo og me er heldige her på Finnås som har fått dette
fantastiske anlegget. Det at dei satsar på overnatting og stadig utvidar tilbodet sitt er med å sette Finnås og Bømlo på kartet. Idar peikar på at lokalt eigarskap er viktig.
Me ynskjer Idar og gjengen på Joker Finnås
lukke til med Kanaldagane, og resten av sesongen!