Julehandel med stil hos SANS hår og make-up på Bømlo
Det er travle dagar på SANS hår og make-up, og Bømlo næringsråd har tatt turen for å sjå korleis den lokale julehandelen pulserer rett før høgtida. I salongen er det liv og røre, og dagleg leiar Gunbjørg Flåten Kvernøy strålar over å fortelje at dei held styr på både køa og alle hendvendelsene som rullar inn i desember. Jula er høgsesong for oss, seier ho med et smil. Bømlingane, akkurat som resten av landet, vil ha nyfrisert hår til jul, og stemninga i salongen er prega av forventning og glede.
Det er ikkje noko å sei på utvalet hos SANS hår og make-up.
Gunbjørg eig og driv salongen saman med Anita Nedrebø og Sandra Knutsen, og trioen nærmar seg no sitt 10-årsjubileum som skal feirast til våren. Me gler oss til jubileum, det vert stor markering, fortel Gnnbjørg. SANS hår og make-up tilbyr det meste innan hårbehandlingar, og to av dei tilsette er også kvalifiserte make-up artistar. Det bugnar av ulike hårprodukt på hyllene, og til og med «mat for håret» kan du få med deg heim.
Salongen har lange opningstider til vanleg, men dette kjem ekstra godt med i ei hektisk førjulstid. Me har opent frå klokka 08.00 til 21.00, måndag til torsdag. «Me starta med dette under pandemien i2020, med to skift, og det har me valt å halde fram med», fortel Gunbjørg. I dag har salongen åtte faste tilsette, og frå 1. januar får dei med seg ein lærling. Då har me fylt opp huset, ler ho.
Men SANS hår og make-up er meir enn berre hår og make-up. Midt i lokalet står ei hylle med heile utvalet frå Fitjar Island ,lokalprodusert såpe som har fått fast plass blant hårprodukta. I haust utvida dei med pop-up butikk det er Ellie Verkstad på Stord, som no har fått ein eigen mindlertidig avdeling i inngangspartiet. Her duftar det av gode lys og
vakre blomar, kransar og dekorasjonar; både syn og lukt gjev julestemning! Kvar
torsdag ettermiddag kjem ferske blomar frå Stord, og denne nyvinninga har verkeleg
slått an blant Bømlingane, fortel Gunbjørg entusiastisk.
Så om du vil ha både ny frisyre, julegåver og julepynt på ein og same plass, er SANS hår og make-up midt i blinken. Her får du service med eit smil, lokale produkt og ei god dose julestemning midt på Svortland Sentrum.
Ein vert møtt av fristelsar og duften av bloster og jul i inngangspartiet.